Slik beheld du varme og lys dersom straumen går

Mange bustader har elektrisitet som viktigaste eller einaste kjelde til oppvarming. I denne artikkelen finn du konkrete tips som gjer deg betre førebudd på straumbrot.


Råd om varme og lys

  • Ha varme klede og pledd, dyner eller soveposar heime.   
  • Ha eit lager med stearinlys eller telys, og sørg for at du har fyrstikker eller lighter. 
  • For å sjå i mørket er det lurt med lommelykter eller hovudlykter. Hugs ekstra batteri.  

Alternativ oppvarming

  • Sørg for at eldstad og pipe er godkjende og i god stand, og at du har nok ved.  
  • Gass- eller parafinomn som er meint å skulle nyttast innandørs, er eit alternativ ved straumbrot.  
  • Naudstraum i form av t.d. aggregat eller batteri med 230 volts uttak kan også vere verdt å vurdere. Pass då berre på å setje deg godt inn i reglar og råd for trygg bruk. Les meir om oppbevaring av drivstoff og korleis du kan unngå kolosforgifting

Dersom straumen fer om vinteren, kan det fort bli kaldt og mørkt innandørs. Ved større straumbrot kan det ta tid før du får tilbake straumen. Du bør difor vere førebudd på å klare deg utan straum i ei veke.  

Dersom straumen skulle gå, kan du redusere varmetapet i bustaden din ved å late att dørene eller hengje opp tepper mellom romma. Du kan også hengje tepper eller gardiner framfor vindauga. 

Ikkje gløym branntryggleiken 

Hugs at meir bruk av open eld aukar faren for brann. Sjekk at du har godkjent sløkkjeutstyr og røykvarslarar som fungerer.   

Dette må du hugse på når du oppbevarer gass og brannfarleg væske heime. 

Avtale om overnatting

  • Avtal med naboar, familie eller vennar om du kan vere hos dei dersom straumbrotet blir langvarig.   
  • Har du sjølv alternativ oppvarming til straum, og kjenner nokon som ikkje har det? Vurder om du kan tilby dei å vere hos deg i ei krise.  

Vi tror dette er interessant for deg