Legemiddel og førstehjelp du bør ha i hus

Dette bør du ha og kunne om legemiddel og førstehjelp for å dekkje dei grunnleggjande behova dine i tre døgn.


Førstehjelp

Alle bør meistre grunnleggande førstehjelp. Det finst ei rekke tilbod om kurs og opplæring, anten du er heilt uerfaren eller treng å friske opp kunnskapane. Nokon kan også få tilbod om førstehjelpsopplæring gjennom arbeidsplassen sin.

Legemiddel

Ei standard førstehjelpspakke og vanleg smertestillande middel dekkjer dei fleste behova. Om du er avhengig av legemiddel eller medisinske hjelpemiddel, må du snakke med legen din eller apotek om det er mogleg å ha ei ekstra behaldning. Hugs å sjekke haldbarheita. Erstatt det som går ut på dato.

Jodtablettar

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime? Då rår vi deg til å ha jodtablettar heime. Tablettane kan gje vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og du skal berre ta dei etter råd frå styresmaktene. På heimesida til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik kan du lese meir om jodtablettar.

Les meir om eigenberedskap og få råd om korleis du kan setje saman ditt eige beredskapslager.

Vi tror dette er interessant for deg