Slik lagrar du drikkevatn

Vi anbefaler å lagre rundt 20 liter drikkevatn per person. Det held til éi veke. Dersom du følgjer råda i denne artikkelen, kan vatnet fint lagrast i årevis og framleis vere trygt å drikke.


Reingjer flasker eller dunkar

For å sikre best mogleg haldbarheit på vatnet ved lagring bør du vaske flaskene eller kannene med såpe og vatn, og skylje dei. Tilsett deretter to korkar med hushaldsklorin per 10 liter vatn. La stå i minst 30 minutt før du skyl godt. 

Bruk kaldt vatn

Etter reingjeringa, fyller du flaskene eller kannene heilt fulle med vatn frå springen. La vatnet renne inntil det er kaldt, slik at du lagrar «nytt» vatn. Varmt vatn vil frigjere metall frå røyrnettet og er difor ikkje anbefalt som drikkevatn. 

La vatnet stå mørkt og kjøleg

Vatn skal helst lagrast på ein mørk og kjøleg stad utan direkte sollys. Sollys og høg temperatur kan sakte bryte ned plastbehaldarane, slik at det dannar seg lukt og smaksstoff i vatnet. I tillegg kan det oppstå vekst av algar. 

Behaldarar med vatn skal ikkje oppbevarast i rom der det finst bensin, plantevernmiddel og andre liknande stoff. Årsaka er at damp frå desse kan trengje inn i plast. 

Frost gjer at vatnet frys. Dette kan øydeleggje ei full flaske, sjølv om vasskvaliteten ikkje nødvendigvis blir dårlegare.

Kan stå i årevis

Dersom vatnet er tappa på godt reingjorde behaldarar og er av god kvalitet – slik norsk drikkevatn stort sett er – kan det stå i årevis. Stoff frå plastbehaldarar vil over tid lekkje ut i vatnet. Dette vil setje smak på vatnet, utan at det dermed blir farleg å drikke. 

Sjå også intervju med Line Angeloff frå Folkehelseinstituttet som forklarer korleis du skal gå fram for å lagre drikkevatn som held seg i årevis.

For å sikre god smakskvalitet bør du byte vatnet ein gong i året. Du kan også vurdere å lagre vatn på glas. Samanlikna med plastlassbehaldarar er glas tettare og mindre utsette for inntrenging av lukt. Litt rar smak eller lukt har på den andre sida ingenting å seie for helsa. 

På nettsidene til Folkehelseinstituttet kan du lese meir om drikkevatn.   

Vi tror dette er interessant for deg