Frakt og oppbevaring av bensin

Som privatperson kan du lagre totalt inntil 60 liter bensin innandørs på eigen eigedom. Du kan frakte inntil 240 liter om gongen. Kvar enkelt behaldar må ikkje romme meir enn 60 liter.


Dette kan du lagre

Du kan lagre inntil 10 liter bensin i bustaden din. Dersom du har ei utvendig bu eller garasje kan du i tillegg lagre inntil 50 liter bensin her. 

Førebygg brann

Oppbevaring av bensin krev ifølgje lov at du er aktsam og førebyggjer brann og anna ulukke. Bruk aldri eld der du oppbevarer eller når du handterer bensin. Sørg også for at det er ryddig og ikkje blir lagra brennbare materiale som papp eller papir der du oppbevarer bensinen.

Transport av bensin

Som privatperson kan du frakte inntil 240 liter drivstoff per bil om gongen. Det er berre lov å bruke kanner og behaldarar av god kvalitet, som til dømes ei jerrykanne. Den enkelte behaldaren skal ikkje romme meir enn 60 liter.

Kanner av plast skal vere testa for oppbevaring av bensin. Dei fleste plastreservekanner du får kjøpt, har merking som viser at dei oppfyller desse krava.

Vi tror dette er interessant for deg