Oppbevare gass og brannfarleg væske i leilegheit

Nokre bur slik til at dei trygt kan oppbevare eit par gassflasker og mindre mengder raudsprit og bensin heime. Om du bur i eit leilegheitskompleks, bygard eller på andre måtar bur tett saman med andre, så kan dette blir vanskeleg.


Kva seier regelverket?

Maksimalt tillatne mengd brannfarleg gass (som propan) i ei bueining, er 55 liter (2 x11 kg behaldarar) og 10 liter brannfarleg væske (som bensin og raudsprit). I utvendig bu, garasje eller liknande kan det maksimalt oppbevarast 90 liter propan og 50 liter bensin/raudsprit.

Det er viktig at oppbevaringa av dei farlege stoffa blir gjort så sikker som mogleg, både for den enkelte bebuar og samla for alle som bur i eit bustadkompleks. Derfor bør du som bebuar sjølv vurdere kva du faktisk har behov for, samtidig som styret samla må vurdere risikoen.

Mengder og avgrensingar

Dersom eit bustadselskap meiner at risikoen for uhell og ulukker blir for høg ved oppbevaring av farleg stoff, kan dei bestemme eigne reglar som forbyr slik oppbevaring.

I enkelte tilfelle kan også DSB og kommunen setje nærare avgrensingar eller forbod mot oppbevaring av farleg stoff dersom vi meiner det er nødvendig for å verne liv, helse og materielle verdiar mot uhell og ulukker.

Tryggleikstiltak ved oppbevaring og bruk av brannfarleg gass:

  • Gassbehaldarar skal oppbevarast ståande, luftig og sikrast mot å velte
  • Brannfarleg gass skal ikkje oppbevarast i kjellar eller rom under terreng, eller på loft
  • Følg tilvisinga frå leverandøren ved bruk av apparat og utstyr – apparat laga for utandørs bruk må aldri brukast innandørs
  • Sørg for god ventilasjon ved bruk
  • Flyttbare gassomnar må ikkje brukast i rom der folk søv