Slik unngår du kolosforgifting

Dersom eit gassapparat ikkje verkar som det skal, blir ikkje gassen forbrent skikkeleg. Då dannar det seg farleg kolos. Slik unngår du dei typiske feila som kan gje kolosforgifting.


Sørg for frisk luft

Faren for kolosforgifting er størst der gassapparat blir brukte over lang tid der personar oppheld seg. Dersom rommet er lite eller har dårleg ventilasjon, skal det lite kolos til. Sørg derfor alltid for god lufting i rom der du bruker gassapparat.

Det er lurt å setja opp ein gassdetektor på golvet nær gassflaska eller andre stader der gass kan leka. Installer også ein CO-varslar (kolosvarslar), slik at du blir varsla ved dårleg forbrenning og fare for kolosforgifting.

Følg bruksrettleiinga

Sjekk også i bruksrettleiinga kor stort rom apparatet krev. Apparat som forbrenn mykje gass og oksygen, som til dømes frittståande gassvarmeomnar utan avtrekk, bør ikkje brukast lenge om gongen. Slike omnar skal haldast under oppsyn og aldri plasserast i rom der nokon søv. Gassapparat laga for utandørs bruk, må aldri brukast innandørs.

Vedlikehald apparata

Typiske feil på gassapparat er at brennaren er delvis tetta igjen av støv eller skit, eller at delar av apparatet er slite eller øydelagt på grunn av skadar eller dårleg vedlikehald.

Slik held du gassutstyret på hytta ved like

Hugs å ta vare på bruks- og vedlikehaldsinformasjonen som følgde med apparatet, og følg denne. Har du apparat som du bruker sjeldan, bør du også støvsuge eller blåse vekk støv før bruk. Dette gjeld spesielt gassdrivne kjøleskap, der luftinntaket er nær golvet.

Nokre gasskjøleskap har delar som må reingjerast spesielt (bla. røyret over brennaren/flammen bak på kjøleskapet). Dette er svært viktig og skal vere skildra i bruksrettleiinga.

Slik unngår du den farlege kolosen:

  • Sørg for god ventilasjon der du bruker gassomn og andre gassapparat.
  • Sjekk at gassapparatet er til innandørs bruk.
  • Sørg for at rommet der du skal bruke gassapparatet, er stort nok.
  • Følg med når du bruker gassomnar og gasskomfyrar.
  • Ikkje bruk frittståande gassomnar utan avtrekk over lang tid.
  • Følg bruks- og vedlikehaldsrettleiinga som følgjer med apparatet.

Kva er kolos og kolosforgifting?

Dersom eit gassapparat ikkje verkar som det skal, blir ikkje gassen forbrent skikkeleg. Då dannar det seg kolos – som igjen kan gje kolosforgifting. Kolos er ein gass som verken luktar eller smakar noko, derfor er han vanskeleg å oppdage. Det skumle med kolos er at du gradvis vil bli trøytt og sliten, og etter kvart ute av stand til å handtere situasjonen før du blir kvelt.

Vi tror dette er interessant for deg