Vel riktig brannsløkkjeutstyr

Alle bustader skal ha brannsløkkjeutstyr. Finn sløkkjeutstyret som passar best for deg og bustaden din.


Husbrannslange

Vatn er eit effektivt sløkkjemiddel mot brann i treverk, tekstilar og papir. Du kan også bruke reint vatn til å sløkkje brann i det elektriske anlegget heime. Bruk aldri vatn til å sløkkje brann i frityr, andre typar feitt eller olje. Dette kan gje ein eksplosjonsarta brann.

Med ein husbrannslange har du uavgrensa tilgang på vatn og kan sløkkje mykje og lenge. Han kan brukast av dei fleste utan vanskar eller opplæring. Dersom ein husbrannslange er det einaste sløkkjeutstyret du har, sjekk at han rekk fram og kan brukast i alle rom. Slangen skal ikkje vere lengre enn 30 meter.

Brannsløkkjeapparat

Dei mest vanlege brannsløkkjeapparata kan delast i to typar: skum og pulver. Slike apparat sløkkjer effektivt dei fleste typar brannar som kan oppstå i heimen. Apparata er merkte med kva typar brannar dei kan sløkkje (sjå faktaboks: Dette tyder merkinga).

Det er krav til at skum – og pulversløkkjarar som blir selde på marknaden, skal vere testa og godkjende. I tillegg skal dei vere raude.

Trykket i både skum- og pulverapparat er stort. Dersom du prøver å sløkkje brann i olje, til dømes i ein frityrkjele, kan trykket skylje den brennande olja over kanten på kjelen og spreie brannen i staden for å sløkkje han.

Med skum- og pulverapparat kan du ikkje sløkkje like lenge som med ein husbrannslange. Eit apparat på 6 kilo blir tomt på 10–20 sekund. Brannsløkkingsapparat kan vere tunge å løfte, spesielt for eldre eller personar med nedsett funksjonsevne.

Forskjell på skum og pulver

Pulverapparat inneheld eit fint pulver som legg seg over flammane og kveler dei. Ein skumsløkkjar inneheld vassbasert skum som kveler og kjøler ned brannen. I regelverket er både skum og pulver likestilte som sløkkjeutstyr. Pulver kan vere lettare å bruke fordi du ikkje treng å sløkkje like presist med pulver som med skum.

Pulversløkkjarar toler frost utan å bli øydelagde. Skumsløkkjarar må lagrast frostfritt for å halde på sløkkjeeigenskapane. Hugs dette dersom du har brannsløkkingsapparat på hytta eller andre stader der det kan bli kaldt.

Små brannsløkkjeapparat

Mindre sløkkjesprayar eller andre tilleggsprodukt som blir selde under namnet «brannsløkkingsapparat», blir ikkje testa på same måte som dei raude skum- og pulverapparata. Derfor kan du ikkje like sikkert vite kva for sløkkjeeigenskapar produktet har. Dette bør du vere merksam på dersom du skaffar deg slikt utstyr.

Brannteppe

Eit brannteppe er laga for å sløkkje (kvele) mindre brannar og/eller beskytte mot gneistar og strålevarme frå ein brann. Det kan også vere effektivt til raskt å sløkkje brann i klede eller hår. Dersom du må rømme gjennom flammar, kan du pakke teppet rundt deg sjølv eller andre for å beskytte huda mot varme. 

Eigen sløkkjar til frityr

Bruker du frityrkokaren ofte? Det finst eigne brannsløkkjeapparat som er utvikla spesielt for å sløkkje brannar i frityr og matoljer. Desse apparata er merkte med bokstavane AF.

Fakta om sløkkjeutstyr

Vi tror dette er interessant for deg