Dette gjer du ved gasslekkasje

Propangass er tilsett lukt slik at du raskt skal kunne oppdage lekkasje. Slik går du fram dersom du luktar gass eller på andre måtar mistenkjer at det lek ut propan heime.


Ved teikn på lekkasje

  • steng for gassen
  • luft grundig ved å opne vindauge og dører
  • stopp bruken av open eld og elektriske apparat

Ved alvorleg lekkasje og brann

  • forsøk å stengje ventilane
  • sørg for at alle personar kjem seg i sikker avstand frå brannstaden
  • ring brannvesenet sitt naudnummer 110
  • forsøk ikkje å sløkkje brannen sjølv

Vi tror dette er interessant for deg