Slik helt du gassutstyret ved like

Med enkelt vedlikehald kan du forhindre farlege gasslekkasjar.


Byt ut gamle slangar

Gasslangen er ”ferskvare” og blir tørr og morken etter ei tids bruk. Dersom slangen sprekk, lek gassen ut og kan gje eksplosjonsfare. Gasslangar bør bytast ut etter 2–5 år. Mykje sollys og temperatursvingingar er nokre av forholda som påverkar kor lenge ein slange held. Sjekk slangen for lekkasjar jamleg, slik at du alltid er sikker på at slangen er heil før du byrjar å bruke han.

Lås fast regulatoren

Sørg for at regulatoren er riktig montert og låst fast på gassflaska før du opnar ventilen. Slik byter og monterer du gassflaska til grillen.

 Sjekk slangen for lekkasjar:

  • Bøy på slangen og sjå etter sprekkar.
  • Spray eller pensle såpevatn på slange og koplingar. Boblar det, er det lekkasje.
  • Bruk nasen - gass er tilsett lukt som gjer at du skal oppdage lekkasjar. Luktar du gass, slå av regulatoren og fjern gassflaska frå grillen.

Vi tror dette er interessant for deg