Slik byter du gassflaske

Dei fleste ulukker med gassgrill og andre gassapparat skjer fordi det lek ut gass mellom gassflaska og regulatoren. Sjå korleis du skiftar gassflaske trygt og riktig.


Unngå lekkasje

Dersom regulatoren ikkje sit riktig fast på gassflaska, kan det leke ut propangass. Dersom gassen tek fyr, kan også flaska ta fyr og eksplodere. Trykk låseringen på regulatoren godt ned for å unngå lekkasje.

Steng etter bruk

Regulatorbrytaren skal vere stengt når apparatet ikkje er i bruk. Dersom du skal reise bort eller ikkje bruke gass på ei stund, skal regulatorbrytaren stengjast og regulatoren koplast frå.

  1. Fjern eventuell forsegling på gassflaska. Ikkje bruk kniv eller noko som kan skade pakninga. Sjekk at pakninga på flaska er heil, rein og mjuk.

  2. Plasser regulatoren over gassflaska. Pass på at brytaren på toppen av regulatoren er stengt slik at det raude flammeteiknet er ned.

  3. Press låseringen opp og set regulatoren ned på flaskeventilen.

  4. Trykk låseringen ned med begge hender til han går i lås med eit lite klikk. Løft i regulatoren for å sjekke at han sit på plass. Deretter kan du opne regulatorbrytaren slik at det raude flammeteiknet peikar oppover.

Vi tror dette er interessant for deg