Vedlikehald gassutstyret på hytta

Har du propankjøleskap eller bruker du gass til oppvarming av hytta? Bruk nokre minutt på sjekk av gassutstyret før du tek det i bruk. Så minskar du risikoen for farlege lekkasjar.


Sjekk for støv

Gassutstyr som ikkje er brukt på ei stund, kan bli tett av støv, spindelvev og liknande. Då vil ikkje gassen brenne skikkeleg, og det dannar seg kolos som kan føre til kveling.

Kontroller og reingjer gassutstyret med jamne mellomrom for å unngå dette. Brennarar som er nær golvet er spesielt utsette, til dømes under gassdrivne kjøleskap. Sjekk spesielt at luftinntaket ved dysa er fri for støv. Trekk fram kjøleskapet og støvsug forsiktig på baksida. Dersom du ikkje har støvsugar på hytta, kan du også blåse kraftig for å fjerne støvet. 

Følg med under bruk

Sørg for god ventilasjon og ver alltid til stades i rom der du bruker gassomn og andre gassapparat. Gassapparat stiller også krav til storleiken på rommet dei skal brukast i. Desse krava skal vere skildra på apparatet.

Pass på kolosen

Eit propandrive kjøleskap kan kvele deg dersom brennaren ikkje får nok luft. Dårleg forbrenning kan føre til kolosforgifting. Det skumle med kolos er at du gradvis vil bli trøytt og sliten, og etter kvart ute av stand til å handtere situasjonen før du blir kvelt.

Hald slangen unna brennaren

Sjekk at slangen ikkje er i berøring med brennaren. Er han det, kan varmen frå brennaren smelte hol i slangen, slik at gassen tek fyr direkte og gjev ein eksplosjonsarta brann.

Ikkje på soverommet

Flyttbare gassapparat for innandørs bruk må berre brukast under oppsyn og i godt ventilerte rom - aldri på soverom. Apparata bør plasserast minst éin meter frå brennbart materiale.

Før du dreg

Dersom det er lenge mellom kvar gong du er på hytta, bør du kople frå regulatoren og eventuelt setje vernehetta på gassflaska før du dreg.

Dette bør du gjere før du tek utstyret i bruk:

  1. Sørg for at luftinntaket ved dysa er fri for støv. Blås kraftig eller støvsug bak kjøleskapet for å reingjere.
  2. Sjekk at slangar og koplingar er tette.
  3. Kontroller at regulatoren er skikkeleg festa til propanflaska.

Vi tror dette er interessant for deg