Slik byter du gasslange

Du bør byte gasslange etter to til fem år. Her er tipsa til deg som skal kjøpe ny slange og montere han sjølv.


Kjøpe slange til gass

Gasslangar sel dei på stader der dei sel gass og gassapparat. Til dømes på byggjevarehus, jernvarehandlar og hyttebutikkar. Slangen skal ikkje vere lengre enn 1,5 meter. Spør i butikken og sjekk merkinga for å forsikre deg om at slangen er eigna for propan.

Gasslangar kan kjøpast separat eller som del av eit sett der det også følgjer med slangeklemmer til å feste slangen med. Du kan også kjøpe gasslange med regulator kopla til den eine enden. Med ei slik løysing skal du berre feste den lause enden til gassapparatet ditt. Kjøper du berre gassleidningen, må du feste slangen til regulatoren sjølv i tillegg.

Fjerne gamal slange

Forsikre deg om at gassen er skrudd av før du byrjar. Gasslangen er festa med slangeklemmer - små metallband som anten er skrudde fast eller klemte saman rundt endane på gasslangen. For å fjerne den gamle slangen må du først losne eller skru laus desse. Deretter vrir du slangen forsiktig laus frå festepunkta på regulatoren og på gassapparatet.

Feste ny slange

Smør litt flytande såpe, til dømes Zalo, på festepunkta. Då blir det enklare å få på den nye slangen. Dytt og vri den nye slangen på plass over festepunkta. Skru til slangeklemmene, slik at slangen sit godt fast rundt festepunkta. Ver forsiktig når du skrur til - strammar du klemmene for hardt rundt slangen, kan slangen sprekke.

Sjekk lekkasjar før bruk

Gjer ein lekkasjetest før du opnar for gassen, slik at du er heilt sikker på at koplingane er tette. Sprut konsentrert såpevatn ved begge endar av slangen. Opne deretter for gassen. Dersom det boblar i såpa ved nokre av koplingspunkta, har du lekkasje. Då må du stramme slangeklemmene meir.

Hugs dette når du kjøper gasslange:

  • Innvendig diameter på gasslangen må passe med utvendig diameter på festepunkta. Ta med den gamle slangen til butikken, sjekk bruksrettleiinga eller ta mål av festepunkta sjølv.
  • Gasslangen skal ikkje vere lengre enn 1,5 meter.
  • Sjekk merkinga og spør i butikken om slangen kan brukast til propan.
  • Sjekk datostemplinga på slangen. Gasslangar er "ferskvare" og årgangen bør vere så ny som mogleg.

Slik skiftar du gasslange:

  • Losne slangeklemmene.
  • Vri slangeendane forsiktig laus frå festepunkta.
  • Smør litt flytande såpe på festepunkta før skyver den nye slangen på.
  • Skru på slangeklemmene slik at slangen er godt festa rundt festepunkta.
  • Sjekk for lekkasjar før du opnar for gassen.

Vi tror dette er interessant for deg