Gass skal ikkje oppbevarast i kjellaren

Behaldarar med gass skal oppbevarast ståande, over bakkenivå og på ein godt ventilert stad.


Oppbevarer du flasker med propangass heime eller på hytta? For at det ikkje skal skje ulukker, er det viktig at du oppbevarer gassen riktig og lovleg.

Oppbevar ståande

Oppbevar gassbehaldarar ståande på stabilt underlag slik at dei ikkje kan velte. Alle propanflasker i Noreg skal ha ein tryggleiksventil. Når gassbehaldaren blir for varm, til dømes i ein brann, opnar tryggleiksventilen seg slik at gassen blir sleppt ut. Dermed blir trykket og faren for eksplosjon mindre. Tryggleiksventilen fungerer berre etter føremålet dersom behaldaren står oppreist.  

Lagre luftig

Det må vere god lufting der gassen skal oppbevarast. Dersom det skulle bli lekkasje i gassbehaldaren, er det viktig at gassen kan sive vekk. Du kan oppbevare gass inne eller ute.

Ikkje utset for varme

Det må ikkje vere for varmt der du lagrar gass. Oppbevarer du gass utandørs, la behaldarane stå i skuggen. Dersom du grillar med gass, set aldri gassflaska under grillen. Hald også gassbehaldarar i god avstand frå brennbare materiale og væsker som til dømes tennvæske og bensin.

Ikkje oppbevar i kjellaren

Gassflasker skal ikkje oppbevarast i kjellaren. Propangass er tyngre enn luft. Dersom det blir lekkasje i flaska, vil gassen sive ut og samle seg nede langs kjellargolvet. Då skal det ikkje meir enn ein liten gnist til for å tenne på gassen. Det kan bli ein kraftig eksplosjon som kan få eit heilt hus til å lette frå grunnmuren. Gassflasker skal heller ikkje oppbevarast på loftet, der det ofte er vanskeleg å kome til.

Riktig oppbevaring av gass:

  • Oppbevar gassbehaldaren ståande, på eit stabilt underlag.
  • Det skal vere god avstand til tenningskjelder og flaskene må ikkje utsetjast for sterk varme.
  • Gass skal aldri oppbevarast i kjellaren.
  • Du kan oppbevare maksimalt to flasker på 11 kilo per bueining.

Vi tror dette er interessant for deg