Gassvettreglene

Følg gassvettreglane for trygg bruk av gass.


  • Plasser aldri gassbehaldarar i kjellaren eller i andre rom under bakken.
  • Sørg for at gassbehaldaren står oppreist og ikkje blir utsett for sterk varme eller sterk sol. Set gassbehaldaren utanfor grillen, så kan du lett stengje av gassen.
  • Ver på vakt mot lekkasjar. Open eld, røyking eller ein elektrisk gneiste kan tenne på gassen slik at han eksploderer.
  • Sjekk slange og koplingar for lekkasjar jamleg. Dette gjer du ved å pensle på konsentrert såpevatn. Når du opnar for gassen, vil det danne seg såpebobler der lekkasjen er.
  • Bruk berre slangar som er eigna for bruk til gass. Skift sprokne eller øydelagde slangar med ein gong. Det er ikkje lov til å bruke slangar som er lengre enn 1,5 meter. Bruk slangeklemmer for å feste slangen.
  • Hald alltid ei tent fyrstikk klar når du opnar for gassen. Steng for gassen når du ikkje skal bruke han. Ta også av regulatoren dersom det er lenge til du skal bruke gass igjen.
  • Dersom det byrjar å brenne i nærleiken av gassbehaldaren, steng for gassen ved å vippe over knappen på toppen av regulatoren. Dersom det er forsvarleg, bør du også flytte behaldaren vekk frå brannen.
  • Sørg for at gassapparatet og behaldaren er i god stand. Ikkje prøv å reparere skadar på gassbehaldaren sjølv. Overlat til propanforhandlaren å gjere kontroll og eventuelt vedlikehald av gassapparat og gassanlegg.
  • Les bruksrettleiinga nøye før du tek gassapparat og gassanlegg i bruk. Spør forhandlaren dersom du er i tvil om noko.

Vi tror dette er interessant for deg