Tips brannvesenet om brannfare

Dersom du oppdagar noko som kan føre til brann, så vil brannvesenet gjerne høyre frå deg. Ditt tips kan bidra til å førebyggje ei alvorleg hending og redde liv.


Brannfarlege forhold

Det er nyttig for brannvesenet å få tips frå deg dersom du kjem over forhold som gjer deg bekymra for branntryggleiken. Døme på forhold du bør melde frå om, er manglande eller blokkerte rømmingsvegar, feil oppbevaring av brannfarlege varer, væsker eller gassar, uvettig bruk av eld i naturen eller annan brannfarleg aktivitet.

Du kan redde liv

Dersom du oppdagar noko som kan vere brannfarleg, ta kontakt med ditt lokale brannvesen og fortel om bekymringa di.

Når brannvesenet får ei bekymringsmelding, vurderer dei om dei skal setje i verk tiltak. Bekymringsmeldinga di kan bidra til å førebyggje alvorlege hendingar og dersom uhellet verkeleg er ute, redde liv. Opplysningane du gjev brannvesenet, blir behandla konfidensielt.

Slik melder du frå

Mange brannvesen er med i branntips.no, ei felles løysing for innmelding av bekymringar til brannvesenet (ekstern side, opnar seg i nytt vindauge).

Brannvesen som ikkje er med her, kan du kome i kontakt med via e-post eller telefon. Somme har også laga eigne skjema som kan fyllast ut på brannvesenet si heimeside.

Skriftleg bekymringsmelding

Dersom du ikkje finn eit skjema og skal levere ei skriftleg bekymringsmelding, hugs å ta med opplysningar om kven du er og kontaktopplysningar, slik at brannvesenet kan ta kontakt med deg. Skildre også kva du er bekymra for, på kva adresse dei brannfarlege forholda er og kven brannvesenet eventuelt kan ta kontakt med der. 

Vi tror dette er interessant for deg