Er eit produkt farleg?

Slik kan du melde frå om eller finne ut om eit produkt er farleg.


Er eit produkt trygt eller farleg?

Det skal vere trygt å kjøpe varer i Noreg. I jungelen av produkt på marknaden dukkar det likevel innimellom opp produkt som er farlege eller potensielt kan føre til skade på deg eller miljøet rundt deg.

For å gjere det lettare for deg som forbrukar å finne ut av om eit produkt er trygt eller farleg, har ni styresmakter i Noreg saman laga nettsida farligeprodukter.no.

Søk etter farlege produkt her (opnar farligeprodukter.no)

På farligeprodukter.no finn du produkt som direkte eller indirekte kan vere skadelege for deg, og ei tilråding om kva du bør gjere. Produkta er melde inn av forbrukarar, leverandørar eller produsentar.

Produkt som ikkje finst i denne databasen, kan framleis vere farlege. Dersom du mistenkjer at eit produkt kan vere skadeleg, tilrår vi deg å melde det inn.

Sjekk før kjøp

Produsentar, importørar og forhandlarar har ansvar for å fjerne farlege produkt frå marknaden. Likevel vil det frå tid til anna vere farlege produkt i omløp. Det kan til dømes skje dersom ein forbrukar ikkje har fått med seg informasjonen om at produktet skal leverast tilbake til butikken, og sel det vidare på bruktmarknaden. Det er også ein risiko for at produktet som skulle vore fjerna frå butikken likevel blir selt, eller at nettbutikkar ikkje rettar seg etter krav frå norske styresmakter.

Gjer det derfor til ein vane at du sjekkar farligeprodukter.no dersom du skal handle, spesielt i utlandet, på internett eller på bruktmarknaden. Blir produktet rekna som farleg, bør du naturlegvis styre unna.

Meld ifrå

Styresmaktene treng hjelpa di til å fjerne farlege produkt frå marknaden. Dersom du mistenkjer at eit produkt kan vere skadeleg, vonar vi derfor at du melder det inn til oss. Styresmaktene følgjer opp slike bekymringsmeldingar, og meldinga di kan forhindre skadar på personar og miljø.

Meld frå til oss om eit produkt som er farleg eller potensielt farleg.

Har du sett eit produkt i butikk som skulle ha vore fjerna fra marknaden? Søk produktet opp på farligeprodukter.no. I botnen på sida finn du meldeskjema for produktet. Bruk dette, så får styresmaktene beskjed om produktet er observert i butikk. 

Skal du registrere eit farleg stoff (til dømes dersom du har ein gasstank på eigedomen din), skal du bruke eit anna skjema. Les meir om innmelding av farlege stoff.