Brannsikker studentbustad - dette har du krav på

Skal du leige bustad? Før du signerer leigekontrakten, bør du sjekke at utleigar tek branntryggleiken på alvor.


Den som eig bustaden, har ansvaret for å oppfylle krava til branntryggleik. Desse krava er:

Rømmingsvegar

Bustaden må ha nok rømmingsvegar, og desse må fungere. Sjekk kva rømmingsvegar du må ha. Som leigetakar må du sørgje for å halde rømmingsvegane frie. Til dømes må du ikkje lagre møblar og pappesker framfor døra til baktrappa dersom denne er ein rømmingsveg.

Røykvarslar og sløkkjemiddel

Alle bustader skal ha brannalarmanlegg eller røykvarslar(ar) og sløkkjeutstyr i form av husbrannslange eller brannsløkkjeapparat med skum eller pulver. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje. Han skal dekkje kjøken, stove, soner utanfor soverom og sona utanfor teknisk rom. Det kan ikkje vere ei dør mellom rommet der røykvarslaren heng og området som skal dekkjast. Dersom du til dømes har røykvarslaren i stova og du har dør inn til kjøkenet, må du også ha ein røykvarslar der. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på soverom og opphaldsrom når dørene mellom romma er lukka. Den som eig bustaden, har ansvar for at dette er på plass. Du som leigar har ansvar for å teste røykvarslarane. Hugs også å byte batteri ein gong i året.

Sløkkjeutstyr må haldast ved like slik at det fungerer og alltid er klart til bruk. Du som leigar må sørgje for jamleg sjekk av apparatet. (eigenkontroll). Eigaren av bustaden skal sørgje for at sløkkjeutstyret blir kontrollert av kvalifiserte fagfolk kvart 5/10 år. Dersom du oppdagar feil eller manglar ved utstyret, må du melde frå til bustadeigar.

Godkjent for utleige

Dersom bustaden som blir leigd ut, er ein eigen utleigedel skal han vere godkjend for utleige. Dersom det berre er rom i bustaden som blir leigd ut, treng utleigar ikkje ei slik godkjenning.

Bustadeigar har ansvar for at

  • bustaden har nok rømmingsvegar
  • det finst brannalarmanlegg eller nok røykvarslarar
  • det finst sløkkjeutstyr - husbrannslange eller brannsløkkingsapparat - i bustaden
  • sløkkjeutstyr blir kontrollert kvart 5/10 år

Den som leiger, har ansvar for å

  • teste røykvarslarar og byte batteri
  • kontrollere sløkkjeutstyret jamleg (eigenkontroll)
  • melde frå til utleigar ved feil og manglar

Vi tror dette er interessant for deg