Elektrikararbeid i bustaden

Personar med fagbrev i elektrikarfaget og tre års relevant praksis kan arbeide lovleg på sitt eige elektriske anlegg. Heime hos andre må ei registrert elverksemd utføre og dokumentere jobben.


Venetenester ikkje lov

Dersom det elektriske anlegget sviktar, kan det vere freistande å be ein elektrikar om ei veneteneste for å spare nokre kroner. Men dette er ingen god ide. For at arbeid hos andre skal vere lovleg, må jobben gjerast og dokumenterast av ei registrert elverksemd. Elektrikaren du kjenner, kan gjerne vere tilsett der, men det er sjølve verksemda som må ta på seg jobben.

Her kan du finne registrert elverksemd

Be om samsvarserklæring

Som eigar og brukar av ein bustad eller fritidsbustad må du altså bruke ei registrert elverksemd til alle endringar og oppdateringar av det elektriske anlegget. Dette er for å sikre deg som forbrukar, både når det gjeld el- og branntryggleik – og juridisk, skulle det oppstå skadar og problem i etterkant. Alt arbeid på det elektriske anlegget skal dokumenterast med samsvarserklæring, og dette kan berre utferdast av registrert elverksemd.

Elektrikar i eigen bustad

Dersom du er utdanna elektrikar og har tre års relevant praksis frå bygging og vedlikehald av elektriske lågspenningsanlegg i bygningar (etter bestått fagprøve), kan du sjølv gjere arbeid på det elektriske anlegget i eigen bustad og på eiga hytte. "Eigen bustad" tyder der du bur fast / er folkeregistrert.

Viktig dokumentasjon

Arbeidet skal dokumenterast i tråd med krav i relevant forskrift, på same måte som ei registrert elverksemd er pålagd. Signer dokumentasjonen med eige namn. Denne dokumentasjonen skal følgje det elektriske anlegget. Skal du selje huset, er det lurt å leggje ved ein kopi av fagbrevet ditt og dokumentasjon på relevant praksis. Dermed får den nye eigaren dokumentasjon på at du oppfylte kravet til å kunne ha det faglege ansvaret for jobben du gjorde.

Vi tror dette er interessant for deg