Pass på auga under solformørkinga

Ser du på sola under ei solformørking kan du få varige augeskadar. For å unngå dette må du bruke spesielle solformørkingsbriller. Vanlege solbriller beskyttar ikkje godt nok.


Filtrerer vekk farleg lys

Solformørkingsbriller blir definerte som personleg verneutstyr og skal oppfylle strenge krav for å vere lovlege. Eit viktig krav er at glaset/filmen i brillene berre skal sleppe igjennom 1 av 100.000 delar sollys, slik at auga blir beskytta mot dei sterke strålane.

Vanlege solbriller ikkje nok

Vanlege solbriller har ein heilt annan type glas som ikkje filtrerer bort lyset på same måte. Derfor må du aldri bruke vanlege solbriller under ei solformørking. Sjølv ikkje fleire par vanlege solbriller utanpå kvarandre vil kunne beskytte på same måte som solformørkingsbriller.

Skal vere CE-merkte

Solformørkingsbriller skal vere CE-merkte. Når ein produsent eller representanten for produsenten set CE-merket på eit produkt, erklærer ho at produktet er sikkert og at dette kan dokumenterast.

Solformørkingsbrillene skal også seljast saman med bruks- og åtvaringsinformasjon på norsk. I tillegg skal det følgje med informasjon om produsenten og/eller den norske representanten som forhandlar produktet.

Krav til solformørkingsbriller:

  • Skal vere CE-merkte
  • Bruks- og åtvaringsinformasjon skal følgje med
  • Informasjon om produsent og/eller norsk forhandlar skal følgje med

Vi tror dette er interessant for deg