Sjekk jekken før du byter dekk

Skal du byte hjul på bilen sjølv, bør du forsikre deg om at jekken du skal bruke, er eigna. Nokre jekkar er berre til bruk ved naudstilfelle, og skal ikkje brukast til sesongbyte av dekk.


Vel riktig jekk

Skal du byte hjul på bilen, må du gjere dette slik produsenten tilrår, og med eigna verktøy. Det tryggaste er å skaffe seg ein jekk som oppfyller krava i standarden (NS –EN 1494: 2000 + A1:2008). 

Sjå etter CE-merket, dette er ein dokumentasjon på at produktet oppfyller grunnleggjande krav til tryggleik. I tillegg skal det følgje med nødvendig brukarinformasjon.

Dette tyder CE-merket

Sjekk kva jekken toler

Mange har fått reservehjul og dekkskifteutstyr levert med bilen, anten som standardutstyr eller mot betaling. Visste du at nokre av desse jekkane berre er laga for å byte ut eitt skadd hjul, ikkje for fleire gongers bruk?

For å vere sikker på kva slags bruk jekken din toler, sjekk bilhandboka eller spør bilforhandlaren.

Vi tror dette er interessant for deg