Dette tyder CE-merket

CE-merket er ein dokumentasjon på at produktet oppfyller grunnleggjande krav til tryggleik. Merket seier ingenting om kvaliteten på produktet.


Kva tyder CE-merket?

Eit CE-merkt produkt skal ikkje vere til skade for menneske sin tryggleik og helse eller for miljøet. Når ein produsent set CE-merket på eit produkt, erklærer han at produktet er sikkert og at dette kan dokumenterast.

Kva skal CE-merkjast?

Produkt som skal CE-merkjast er blant anna elektriske hushaldningsapparat og personleg verneutstyr som til dømes sykkelhjelmar og andre vernehjelmar. Leiketøy og kostyme til barn skal også vere CE-merkte.

Sped- og småbarnsutstyr som barnevogner, smokkar, trappegrinder og barnestolar har ikkje krav til CE-merking. Det er heller ikkje krav til CE-merking av møblar og tekstilar. Kostyme til barn er eit unntak, fordi desse er definerte som leiketøy.

Korleis blir CE-merkte produkt kontrollerte?

Det er mange ulike produkt som er CE-merkte, derfor er det også forskjellige styresmakter som har ansvar for å kontrollere produktet. Ofte oppsøkjer styresmaktene stader der produkta blir selde. Dersom styresmaktene finn produkt som ikkje er merkte, merkte feil eller som er merkte, men som ikkje oppfyller tryggleikskrava, krev dei at produkta blir trekte tilbake frå marknaden.

Kva tyder CE?

Bokstavane CE er ei forkorting på det europeiske fellesskapet – la Communautè Europèenne. Produkt som er CE-merkte, kan sirkulere fritt innanfor EØS-området.

Vi tror dette er interessant for deg