Trygg lading av elektrisk sykkel, sparkesykkel og ståbrett

El-syklar, el-sparkesyklar, ståbrett og liknande blir stadig meir vanleg. Dei fleste av desse har litium-ion-batteri, og i nokre få tilfelle har lading av batteria ført til brannar. Følgjer du desse råda reduserer du sannsynet for brann.


Eit godt råd er å alltid lese og følgje tryggleiksrettleiingane og bruksrettleiinga som følgjer med produktet. Bruk ladaren som er tilrådd frå produsenten.

Batteriet skal vere merkt med produsent, typenummer og ha eige CE-merke. Til saman gjev det ein indikasjon på at batteriet følgjer alle tryggingskrav, og at det er trygt å bruke. 

Brannsikker lading

Ikkje gå frå eit batteri som ligg til lading, og hald god avstand mellom batteriet og anna brennbart materiale. Sjekk om ladaren eller batteriet blir unormalt varmt under lading. Dette kan indikere at det er noko feil på produkta dine. Ha gjerne ein røykvarslar i nærleiken av produktet du ladar.

Heilt, reint og tørt

Pass på at batteriet ikkje fell på bakken når du tar det av sykkelen, ver også merksam på at batteriet kan bli skadd ved hardhendt bruk. Også batteri som ikkje står til lading kan ta fyr. Årsaka er som oftast at batteriet har fått ein skade. Har du mistanke om at det er skadd, er det best å få forhandlaren til å ta ein sjekk.

Lad ikkje batteri med smuss og fukt rundt kontaktane, dette kan føre til kortslutning, varmeutvikling og brann. Det er difor smart å halde området rundt kontaktane reine og tørre.

Før du ladar:

  • Les bruksrettleiinga
  • Ikkje bruk umerka batteri
  • Ikkje lad medan du søv eller ikkje er heime
  • Ikkje lad eit skada batteri
  • Reingjer batteriet

Kva gjer du om det blir brann?

Om det byrjar å brenne, så fjernar du produktet frå brennbare omgjevnader om det er mogleg. Ta ladaren ut av stikkontakten. Ein kan halde ein brann i batteriet i sjakk ved å tilføre vatn for å kjøle det ned.

Mange litiumbatteri inneheld ei brennbar væske som ved tilstrekkeleg oppvarming gjev frå seg ein brennbar gass. Batteriet vil difor ta fyr igjen om det ikkje blir kjølt ned.

Om det oppstår ein brann du ikkje har kontroll på, må du ringje brannvesenet på 110.

Vi tror dette er interessant for deg