Slik plasserer du røykvarslaren

Dei fleste dødsbrannane oppstår om natta. Sørg for at røykvarslarane vekkjer alle som søv.


Sørg for god nok varsling

Rundt 500.000 nordmenn søv kvar natt utan høve for å bli varsla ved brann. Anten fordi dei ikkje har ein røykvarslar som fungerer, eller fordi han er plassert slik at dei ikkje høyrer han. Ved ein bustadbrann har du få minutt på deg til å kome deg ut. Plasser derfor røykvarslarar slik at du høyrer det med ein gong dei byrjar å pipe.

Oppfyll krava til brannvarsling

Alle bustader skal ha brannalarmanlegg eller røykvarslarar. Du må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Dei skal vere plasserte slik at dei kan oppdage og varsle om brann på kjøken, i stova, sona utanfor soverom og i sona utanfor teknisk rom. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Ha røykvarslar på soverom

Dersom det byrjar å brenne i eit soverom med lukka dør rom, kan det ta lang tid før ein røykvarslar utanfor rommet reagerer. Derfor bør du setje opp røykvarslarar i alle soverom.

Kople røykvarslarane saman

Fleire røykvarslarar gjev auka tryggleik. Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar, bør du i tillegg kople røykvarslarane saman (seriekople). Dette fungerer slik at når ein røykvarslar går ein stad, så går alle røykvarslarane samtidig. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje.

Riktig plassering av røykvarslaren:

  • Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minst ein halv meter frå veggen.
  • Ha minst éin røykvarslar i kvar etasje.
  • I bustader med fleire etasjar bør du plassere røykvarslarar i nærleiken av trappene, slik at lyden frå alarmen ber lettare gjennom etasjane.

Vi tror dette er interessant for deg