Ikkje kast batteri i restavfallet

Batteri som blir kasta i restavfallet kan føra til brannar som årleg påfører samfunnet store kostnader.


Batteri eller utstyr med innebygde batteri skal ikkje kastast i restavfallet eller i anna sortert avfall. Dette skal leverast i butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke.

Daglegvarebutikkar tek imot dei mest vanlege batteria, medan elektronikkbutikkar i tillegg tek imot el-produkt.

Hos næraste gjenvinningsstasjon kan du også levere batteri og el-produkt. Spør beteninga om du er i tvil om kvar du skal levera på gjenvinningsstasjonen.

Batteri og el-produkt som skal leverast til gjenvinning

  • Innebygde batteri (litiumbatteri) i apparat, PC, nettbrett, mobilar, el-syklar, el-sparkesyklar, leiketøy, fjernkontrollar, blinkesko og så vidare.
  • Knappcellebatteri.
  • Vanlege- og oppladbare hushaldningsbatteri (AA, AAA, 9 V).

Korleis skal eg oppbevara brukte batteri heime?

Viss du har ein sorteringsbehaldar, så kan du nytta den til brukte batteri. Du kan også samla mindre batteri i eit syltetøyglas med lokk. Du minskar risikoen for at batteria skal ta fyr ved å teipa over polane på batteria.

Gode batteriråd

  • Ikkje oppbevar batteri i ein boks eller skuff der dei kan kortslutta kvarandre eller kortsluttast av andre metallgjenstandar.
  • Ikkje utset celler eller batteri for mekaniske støytar. Ikkje demonter, opn eller riv opp batteri.
  • Ikkje bruk andre ladarar enn den som er meint for bruk med utstyret. Ta vare på og følg bruksrettleiinga for utstyret. Ver merksam på pluss (+) og minus (-) merka på batteriet.
  • Tørk av celle- eller batteripolane med ein rein, tørr klut viss dei blir skitne.
  • Ikkje la eit batteri stå på langvarig lading når det ikkje er i bruk.
  • Viss mogleg, fjern batteriet frå utstyret når det ikkje er i bruk.
  • Ikkje utset batteri for varme eller eld. Unngå oppbevaring i direkte sollys.

Her finn du meir informasjon:
>> Video: Batteri skal ikkje i restavfallet (Norsk Industri)
>> Sortering av avfall: Finn den næraste gjenvinningsstasjonen din (sortere.no)

Vi tror dette er interessant for deg