Elektrisk arbeid: Dette kan du gjere sjølv

Du kan gjere mykje sjølv, men det er klare reglar for kva du skal overlate til fagfolk. Blir det skade eller brann i noko du sjølv har installert, risikerer du redusert forsikringsoppgjer.


Du har lov til å gjere mindre elektriske arbeid heime eller i feriebustaden. Større oppgåver må elektrikarar ta seg av.

Ikkje rør varmekablane

Mange trur dei kan spare pengar på å leggje varmekablane sjølv, for deretter å be ein elektrikar om å kople det til det elektriske anlegget i huset. Ikkje-faglærte har korkje lov å leggje, montere eller kople til fastmonterte varmekablar. Det er berre fagfolk som kan gjere dette.

Unngå forsikringssmell

Er ikkje arbeidet fagmessig utført, kan du få varmgang, som igjen kan leie til brann. Dersom forsikringsselskapet kan bevise at det har vore ikkje-faglærte på ferde, kan forsikringa forkortast. Då risikerer du å ikkje få dekt skadane.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Skifte deksel på brytarar, stikkontaktar og koplingsboksar.
  • Montere og skifte varmeomnar dersom dei har rørleg leidning og støpsel.
  • Kople til eller skifte topola støpsel til og med 25 A, med og utan jording.
  • Kople til eller skifte topola skøytekontaktar og apparatkontaktar til og med 16 A, med og utan jording.
  • Kople til og reparere bordlamper, lampettar og liknande med rørlege leidningar, også medrekna leidningsbrytarar.
  • Kople til eller skifte ut lamper som heng i takkrok eller liknande, som er kopla til med kroneklemme eller plugg/stikkontakt. Lampene må ikkje vere ein del av den faste installasjonen.

Arbeid som ikkje står på denne lista, må du overlate til fagfolk.

Vi tror dette er interessant for deg