Be om samsvarserklæring

Hugs å be om samsvarserklæringa – det er di forsikring på jobben som elektrikaren har gjort.


Gjer elektrikaren ansvarleg

Om du har fått utført elektriske arbeid har du krav på ei samsvarserklæring frå verksemda som har gjort arbeidet. Dette er eit verdipapir som gjer verksemda ansvarleg for det arbeidet som er gjort. I tillegg er samsvarserklæringa ein viktig dokumentasjon ovanfor forsikringsselskapet, og om du seinare skal selje bustaden.

Garanti på arbeid og utstyr

Samsvarserklæringa gjev fem års garanti på arbeidet og installert utstyr. Dette vil seie at om noko skjer i garantiperioden, kan du krevje å få det utbetra utan kostnad. Du har også krav på dokumentasjon på installert utstyr, til dømes garantidokument på meir omfattande installasjonar. Visste du til dømes at varmekablar kan ha garanti på opp til 25 år?

Vi tror dette er interessant for deg