Slik grillar du trygt med gass

Ta deg tid til nokre minutt vedlikehald og kontroll før du startar grillinga. Så kan du unngå uhell og skadar.


Sjå etter lekkasjar

Sjå over slangar og pakningar. Sjå spesielt etter sprekkar og skadar der slangen er festa eller bøygd, der det gjerne sprekk først. Direkte sollys kan gjere gasslangen sprø, slik at han sprekk fortare. Ein god hugseregel er å byte ut slangane etter to til fem år.

Slik sjekkar du om det er lekkasjar i gasslangen.

Ikkje set gassflaska under grillen

Når du grillar, bør gassflaska stå ved sida av og i litt avstand frå grillen. Då er det lettare å kome til slik at du kan stengje gasstilførselen ved behov.

Sjølv om grillen har eit eige skap under for oppbevaring av gass, skal gassflaska ikkje stå der medan grillen er i bruk. Delvis fordi det blir vanskeleg å kome til dersom du plutseleg må skru av gassen, delvis fordi det kan bli så varmt under grillen at slangen blir tørr og sprø.

Byte gassflaske

Når du går tom for gass, kan du byte inn den tomme flaska på bensinstasjonar, jernvarehandlar, gassforhandlarar og ei rekkje andre stader. Når du skal kople slangen på den nye flaska, sørg for at du får sett regulatoren skikkeleg på plass. Feil montering kan føre til lekkasje og brann eller eksplosjon.

Slik set du på regulatoren riktig.

Det finst også regulatorar på marknaden som ikkje slepper gassen igjennom før dei er monterte riktig på flaska. Skal du kjøpe ny regulator, tilrår DSB at du vel ein slik type.

La flaska stå under transport

Under transport skal gassflaska stå oppreist. Alle gassflasker har ein tryggleiksventil som slepper ut gassen dersom trykket i flaska blir for stort. Dersom flaska blir transportert liggjande og tryggleiksventilen går opp, vil det leke ut store mengder propan i flytande form. Denne omdannar seg omgåande til gass, som lett kan ta fyr. Propan som lek ut, kan også gje frostskadar.

Vi tror dette er interessant for deg