Meld ifrå om useriøse arrangørar

Har du delteke på ein organisert fritidsaktivitet der arrangøren slurva med tryggleiken? Då vil vi gjerne ha beskjed. Seier du ifrå til oss, kan du hindre at andre opplever det same.


Skal ivareta tryggleiken

Dei som arrangerer fritidsaktivitetar har ansvaret for din tryggleik. Ansvaret gjeld på tilrettelagde område, som til dømes leikeland og klatreparkar, og ved aktivitetar som til dømes dykkarkurs, kajakkturar, og rafting, for privatpersonar.

Ansvaret gjeld både for kommersielle aktørar og frivillige klubbar eller lag, og uansett om du betaler for å vere med eller ikkje. Arrangøren må og ha vurdert risikoen ved tenesta.

Meld ifrå

Har du opplevd ein arrangør som ikkje tar ansvaret sitt på alvor, eller har du opplevd at aktiviteten var direkte farleg? Send bekymringsmeldinga di til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Kva er ei forbrukarteneste?

Ein organisert fritidsaktivitet du som privatperson kan delta på, blir kalla ei forbrukarteneste. Viss du blir med på ein organisert fjelltur, deltek du i ei aktiv teneste. Tenesta er passiv viss du til dømes er publikum på eit idrettsarrangement. Begge delar blir rekna som ei forbrukarteneste. Opplæring og utleige eller utlån av utstyr er også ein del av tenesta.

Som deltakar har du krav på

  • nok informasjon og opplæring til å gjennomføre aktiviteten trygt
  • informasjon om moglege farar og korleis desse skal løysast
  • nødvendig og sikkert utstyr, som til dømes hjelm og redningsvest

Vi tror dette er interessant for deg