Ansvaret ditt ved organiserte fritidsaktivitetar

Sju av ti har tiltru til at tryggleiken deira er vareteken av arrangørane av ulike organiserte fritidsaktivitetar. Hugs at du sjølv har ansvar for å vurdere eigne ferdigheiter og risiko.


Skal du ta dykkarkurs, dra på rideleir, leige kano eller på brevandring med instruktør? Dei som arrangerer slike tenester, må rette seg etter eit regelverk som skal vareta tryggleiken din. Likevel har du sjølv eit ansvar for kva du gjev deg ut på.

Unngå skade

Du har sjølv eit ansvar for å unngå skade. Det er du som må vurdere om tryggleiken ved aktiviteten ser god nok ut. Spør deg sjølv om du har dei rette føresetnadene for å delta, og svar ærleg.

Har stor tillit til arrangøren

Dei fleste reknar med at tryggleiken er teken hand om på ein skikkeleg måte. Mange trur også at arrangørane har beredskap, dersom det skulle skje noko. Dess yngre personane er, til høgare tillit har dei til arrangørane. Dette viser ei undersøking Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gjort.

Ikkje alltid lett å redde deg

Styresmaktene har redningsberedskap, men hugs at redningsmannskapa ikkje alltid kan kome raskt fram – spesielt ikkje dersom du skal vere i aktivitet langt frå allfarveg, i ulendt terreng eller under vanskelege vêrforhold. Nokre gonger må redningsmannskapa også passe på at dei sjølve ikkje blir utsette for fare.

Meld frå om farleg aktivitet

Har du opplevd ein arrangør som ikkje tar ansvaret sitt på alvor, eller har du opplevd at aktiviteten var direkte farleg? Meld frå, slik at ikkje andre opplever det same.

Sjekkliste før start:

  • Har du nok kunnskap til å gjennomføre aktiviteten på ein trygg måte?
  • Har du fått nødvendig rettleiing og opplæring i korleis aktiviteten skal gjennomførast?
  • Har arrangøren ein kvalifisert person til stades som kan gje råd og rettleiing undervegs?
  • Er det behov for å bruke personleg verneutstyr som til dømes hjelm, dykkarmaske eller klatreutstyr? Har du dette utstyret, og har du fått opplæring i korleis det skal brukast?
  • Gjev arrangøren inntrykk av å ta tryggleiken på alvor?
  • Veit du nok om risiko og tryggleik ved aktiviteten ? Om ikkje - still fleire spørsmål.

Vi tror dette er interessant for deg