Slik førebur du deg på kulda

Ekstrem kulde eller langvarige kuldeperiodar kan i verste fall gå på liv og helse laus. Her er nokre tips til korleis du kan ruste opp din eigen kuldeberedskap før gradestokken kryp nedover.


Varme og mat

Mange har straumapparat som einaste varmekjelde. Dei fleste er også avhengige av straum til matlaging og for å få varmt vatn. Dersom det er veldig kaldt ute, er du ekstra utsett ved straumbrot. Det er lurt å tenkje igjennom korleis du skal halde varmen dersom straumen plutseleg forsvinn. Ulltøy, dyner og teppe hjelper godt, men ofte trengst det ei oppvarmingskjelde i tillegg.

Les meir om alternative varmekjelder i saka "Slik holder du varmen hvis strømmen går"

Det er også lurt å ha eit lite lager av matvarer som du ikkje treng straum for å lage til. Lagrar du vatn, er du også betre rusta dersom vassrøyra frys.

SINTEF har laga ein brosjyre om korleis du kan unngå frostskadar på røyr og bygningar, sjå side 4 og 5 (pdf).

God lufting er viktig

Gassapparat, parafinomnar og bruk av peis forbruker oksygenet i lufta, medan karbondioksid og vassdamp blir sleppt ut i rommet. Med sprengkulde utanfor freistar det lite å lufte, men det er viktig at rommet får tilført frisk luft. Dersom normal ventilasjon ikkje er god nok, sørg for rask gjennomlufting innimellom.

Hugs også at mange varmeapparat (både gassdrivne og andre typar) berre skal brukast medan du er til stades og ikkje medan du søv.

Les også: Slik bruker du oljefylte omnar riktig

Behov for hjelp

Mange er ikkje i stand til å førebu seg godt nok på ekstrem kulde. Eldre som bur åleine, kan vere spesielt utsette. Sjekk korleis det står til hos dine næraste og hos naboen. Treng du sjølv eller andre hjelp i kulda, ta kontakt med servicekontoret i kommunen.

Vi tror dette er interessant for deg