Kva gjer du med frysaren når straumen går?

Med ein stappfull fryseboks forsvinn store verdiar dersom straumen går over lengre tid. Slik reddar du matvarene.


Så raskt stig temperaturen

Det tek 10–30 timar før temperaturen i ein full fryseboks stig frå minus 18 til minus 12 gradar. Er det lite varer i frysaren, stig temperaturen raskare. Ved straumbrot i over seks timar må du ta forholdsreglar for å berge matvarene.

Fryse mat på nytt?

Dersom matvarene berre er halvvegs tinte, kan du fryse dei igjen. Er varene heilt tinte, bør du behandle dei som ferskvare. Bruk varene med det same, eller steik eller kok dei før du eventuelt frys dei igjen.

Du kan også pakke inn, eller isolere frysaren, for å få matvarene til å klare seg gjennom straumbrotet.

Usikker på om straumen har vore borte?

Dersom straumen har vore borte på hytta eller medan du er på ferie, kan det vere vanskeleg å vite nøyaktig kor lenge. For lettare å kunne oppdage dette kan du bruke dette trikset: Set eit glas med vatn i frysaren. Når vatnet er frose, legg ein mynt på toppen. Dersom straumen blir borte, vil mynten søkke når isen i glaset smeltar. Dermed får du ein indikasjon på kor lenge frysaren har vore straumlaus.

Slik isolerer du frysaren

  • Ta ut kontakten. Du må aldri isolere frysaren før straumen er kopla frå.
  • Unngå å opne loket.
  • Pakk fryseboksen inn med aviser, ullteppe, dyner eller liknande.
  • Senk temperaturen i rommet der frysaren står, dersom dette er mogleg.
  • Er straumbrotet varsla på førehand, kan frysaren setjast på ”innfrysing” eitt til to døgn i førevegen, slik at temperaturen blir så låg som mogleg.

Vi tror dette er interessant for deg