Verdt å vite om tilfluktsrom

I Noreg har vi rundt 20 000 tilfluktsrom, med plass til rundt 2,5 millionar menneske. Tilfluktsrom er permanente vernerom som skal beskytte innbyggjarane mot skadar ved krigshandlingar.


Tilfluktsrom blei bygde systematisk i tidsrommet frå 2. verdskrig fram til 1998. Romma er bygde der ein i si tid rekna med at behovet var størst. Dette er først og fremst i byar og større tettstader der det oppheld seg mange menneske.

Her i landet bur vi særs spreidd, og det er knytt store kostnader til bygging av tilfluktsrom. Krig og luftåtak mot den sivile folkesetnaden i Noreg har vore og er lite sannsynleg. Difor finst det heller ikkje tilfluktsrom i alle kommunar, eller plass til heile folkesetnaden.

Offentlege og private tilfluktsrom

Det finst både offentlege og private tilfluktsrom. Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i eit aktuelt område. Desse er vanlegvis knytte til idrettshallar, offentlege bygg eller parkeringsanlegg. Det er kommunane som har ansvaret for å byggje, utstyre, innreie og halde ved like dei offentlege tilfluktsromma. Kommunen kan også disponere desse til andre føremål i fredstid. Nokre stader kan tilfluktsrom såleis bli nytta som arkiv eller som øvingslokale for musikarar. Dersom situasjonen skulle krevje det, skal desse romma kunne ryddast og klargjerast i løpet av 72 timar. Offentlege tilfluktsrom er skilta på utsida.

Private tilfluktsrom er for dei som er knytte til ein eigedom. Det kan mellom anna vere personar som oppheld seg i kontorbygningar, skular, barnehagar, burettslag, bedrifter, butikkar og hotell. Private tilfluktsrom er bygde på byggherren si rekning. Eigaren av bygget har ansvaret for å halde ved like rommet i fredstid og å klargjere og drifte rommet ved beredskap. Det skal vere skilta til tilfluktsrommet inne i bygget.

Oversikt over tilfluktsrom

Dersom du lurer på kva tilfluktsrom som finst nær der du bur, kan du kontakte kommunen og Sivilforsvaret i distriktet ditt. Enkelte kommunar har laga lister over kor tilfluktsromma deira er plasserte.

Ved ei hending

Dersom det blir behov for å evakuere innbyggjarane, blir dette gjort etter nærleiksprinsippet. Dette inneber at det i første omgang er beredskapen i kommunen som handterer dette – og i den samanheng opplyser om tilgjengelege tilfluktsrom dersom det skulle bli nødvendig å rømme hit. Evakuering er også eit relevant tiltak dersom det av ulike årsaker skulle bli farleg å opphalde seg i eit gitt område. Dette er det politiet som vurderer og informerer om.

Ved akutt fare kan varslingsanlegga nyttast. Her kan du lese meir om dei ulike varslingssignala og kva dei betyr.

I ein tenkt situasjon der flyalarmen går, betyr det at ein må søke informasjon og dekning. Ein DAB-radio med batteri er difor viktig å ha. Dersom det ikkje er tilfluktsrom i nærleiken, er alternativet å trekke ned i kjellaren eller å halde seg unna vindauge og trekke inn i bygningen.

Vi tror dette er interessant for deg