Dette tyder flyalarmen

Rundt om i landet er det varslingsanlegg med sirener som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Signala blir testa to gonger i året. Her ser du kva dei ulike signala tyder.

Søk informasjon

Når tyfonane tutar i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane, tyder det "viktig melding - lytt til radio". Dersom du høyrer dette signalet, tyder det i praksis at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal te deg, blir gjeven gjennom ulike media, til dømes radio, tv, kriseinfo.no og sosiale medium. Dette signalet kan brukast både i fred og krig.

Flyalarm

Dersom sirenene varslar med korte støyt i cirka eitt minutt, tyder det "fare for åtak - søk dekning". Dette signalet kan brukast dersom det er fare for flyåtak eller ved øvingar i krigsberedsskap.

Faren er over

Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt, tyder det at faren er over.

Høyr dei ulike signala på sivilforsvaret sine nettsider.

Varslingsprøve to gonger årleg

Varslingsanlegga blir testa kvar vinter og sommar i fredstid, klokka 12 den andre onsdagen i  januar og juni. Det er signalet "viktig melding - lytt til radio" som blir testa.

Meld frå om feil

Enkelte gonger kan sirenene bli utløyste på grunn av feil. Dersom det skjer, er det fint om du melder frå til ditt næraste sivilforsvarsdistrikt med ein gong. På sivilforsvaret sine nettsider finn du ei oversikt over sivilforsvarsdistrikta i landet.

Når bruker vi varslinga?

Varslingsanlegga kan bli brukte både i fred og krig for å varsle befolkninga ved akutt fare. I fredstid er det politiet som tek avgjerd om slik varsling. Dette kan til dømes vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan Sivilforsvaret utløyse varslingsanlegga ved fare for flyåtak.

Kvar er varslingsanlegga?

Det finst omtrent 1 250 varslingsanlegg i Noreg. Dei fleste ligg i byar og tettstader. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga.

Vi tror dette er interessant for deg