Slik får du informasjon ved kriser

Ved kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.


Varsling av befolkninga

Nødvarsel på mobil er ei teneste frå norske styresmakter. Det betyr at om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit varsel med viktig informasjon på mobiltelefonen din.

Les meir om Nødvarsel (ekstern side)

Naudvarsel på mobil er eit tillegg til varslingsanlegga (ofte kalla tyfonar eller flyalarmen) som óg kan brukast når befolkninga skal varslast om akutt fare. I Noreg er det 1250 såkalla tyfonar som er plasserte ut i større byar og tettstadar. Når alarmen ular, betyr det at du må søke informasjon.

Les meir om varslingssystemet i saka «Dette tyder flyalarmen»

Beredskapskanalen NRK P1

NRK har ansvar for å sende beredskapsmeldingar og viktig informasjon for styresmaktene på radio. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også om andre nyhendemedium og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege. NRK kan også bryte igjennom med viktige meldingar til befolkninga på alle radiokanalane til NRK. Det speler derfor inga rolle om du høyrer på P13 eller P1+.

Falske nyhende

Krisesituasjonar er uoversynlege, og somme kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver derfor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder. Slik avslører du falske nyhende.

Ha radio tilgjengeleg

For å få med seg informasjon frå styresmaktene til befolkninga rår vi alle husstandar til å ha ein DAB-radio som går på batteri. Hugs ekstra sett batteri.

Om du har bil, kan denne brukast til å lytte til radio og til å lade opp mobiltelefonen.

Vi tror dette er interessant for deg