Slik førebur du deg på farlege situasjonar

I ein farleg situasjon må viktige avgjerder takast raskt. Tenk igjennom ulike scenario, korleis du ville ha reagert og kva du ville gjort. Då er du betre rusta til å handle riktig om du hamnar i ein farleg situasjon.


Ver budd

Øving er eit sentralt element i all beredskapsplanlegging. Personleg beredskap er ikkje noko unntak. Tenkjer du igjennom korleis du ville ha reagert om du hamna i ein truande og farleg situasjon, kan det hjelpe deg til å ta riktige val under ei reell hending.

Det er uråd å førebu seg på alle tenkjelege situasjonar. Kvar situasjon er unik, og det som fungerer éin stad, fungerer kanskje ikkje ein annan. Likevel er det nokre generelle råd som kan vere nyttige i planlegginga.

Bevar roa

I nær sagt alle farlege situasjonar, anten det er naturkatastrofar, store ulukker, terroråtak eller brotsverk der ein eller fleire gjerningspersonar oppfører seg truande, er det ein fordel om du klarer å bevare roa. Fokuser på å kome deg raskt i tryggleik, slik at du kan danne deg eit overblikk over situasjonen. 

Hjelp andre

Hjelp dei som treng hjelp og bidra der du kan, utan å bringe din eigen tryggleik i fare. Varsle dei som er i nærleiken.

Varsle og lytt til styresmaktene

Varsle naudetatane (110, 112 og 113) dersom du har sjansen og dei ikkje alt er på plass. Hald deg orientert via radio, tv, internett og styresmaktprofilar på sosiale medium. Følg råd og oppmodingar frå politiet og andre styresmakter. Sprei ikkje rykte.

Unngå overbelastning av mobilnettet

Under kriser kan nettet bli overbelasta fordi mange ringjer samtidig. Bruk derfor berre mobilen til nødvendige samtalar. Om du ønskjer å stadfeste at du er uskadd, kan du også bruke sosiale medium eller meldingsappar.

Råd i farlege situasjonar

  • Hald deg roleg og kom deg i tryggleik.
  • Hjelp til der du kan utan å bringe din eigen tryggleik i fare.
  • Varsle naudetatane dersom dei ikkje er på plass.
  • Hald deg orientert og følg råd frå politiet og andre styresmakter.
  • Bruk mobilen berre til nødvendige samtalar då nettet kan bli overbelasta.