Eldre par som ser på smarttelefon
Foto: Johner

Slik avslører du falske nyhende

Falske nyhende ser ofte ut som ekte nyhende. Her er nokre tips til kva du bør sjå etter for å avsløre eit falskt nyhende.


Kva er falske nyhende?

Falske nyhende er eit omgrep som ofte blir brukt om nyhendeliknande saker som verkar ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelate informasjon for å skape ei bestemt vriding.

Ofte er det eit medvite føremål bak denne forma for falsk informasjon. Føremålet kan til dømes vere å tene pengar, svindle deg, påverke kva du meiner politisk, eller skape forvirring i befolkninga.

Medietilsynet har laga ei rekkje tips til korleis du kan avsløre falske nyhende:

Verkar saka for utruleg?

Ver skeptisk til fengjande eller utrulege overskrifter. Det som verkar for utruleg til å vere sant, kan vere nettopp det.

Kven står bak?

Er du i tvil – undersøk kjelda. Både kven som skrive saka, og kva det står i nettadressa (url). Falske nyhende har ofte ei nettadresse som liknar på ei kjend nyhendekjelde, men som ikkje er identisk.

Finn du saka andre stader?

Ekte nyhende spreier seg fort. Sjekk gjerne fleire kjelder for å sjå om saka er sann. Søk etter saka på nettet for å finne ut meir. Ei oppsiktsvekkjande sak som ikkje finst fleire stader, gjev grunn til å vere skeptisk.

Blir du sint når du les saka?

Ver ekstra merksam på saker som vekkjer sterke kjensler. Dei fleste falske nyhende er laga for å få deg til å reagere, gjerne raskt slik at du kommenterer eller deler.

Trur du på bilete?

Bilete kan også lyge. Falske nyhendesaker bruker ofte bilete som er henta frå andre saker/nettsider, eller bilete som er manipulerte. Bruk eit biletsøk for å finne ut meir om kvar biletet stammar frå.

Stopp. Tenk. Sjekk.

Besøk Medietilsynet sine nettsider, der du kan lese meir om falske nyhende. Her kan du også sjå konkrete døme på falske nyhende som har vorte avslørte, og teste di eiga evne til å avsløre falske nyhende.

Vi tror dette er interessant for deg