Ein betalingssituasjon i ein butikk
Foto: Ivar Kvaal/DSB

Eigenberedskap for betalingar

Betalingssystema i Noreg er sikre og effektive. Like fullt kan digitale angrep, menneskelege feil eller straumbrot gjere at du ikkje får til å betale for varene du ønskjer å kjøpe i butikken. Norges bank anbefaler difor alle å ha fleire betalingsalternativ. 


Råd om betalingar

  • Ha fleire ulike betalingskort (debet- og kredittkort).  
  • Ha litt kontantar i bakhand, gjerne i ulike og mindre valørar.  
  • Ha konto i fleire bankar.  

Med fleire betalingsalternativ kan du avgrense konsekvensane i tilfelle der du ikkje lenger får betale slik du er van med. Her er råda frå Norges Bank om eigenberedskap for betalingar. 

Les meir om eigenberedskap for betalingar på nettsidene til Norges Bank.

Ha fleire betalingskort   

Med fleire ulike betalingskort har du god beredskap dersom det skulle oppstå feil hos éi betalingsteneste. Det kan vere ulike typar betalingskort (debet- eller kredittkort), eller kort som er utferda av ulike banker.  

Ha litt kontantar på lur  

Kontantar kan brukast sjølv om dei elektroniske beredskapsløysingane er nede, men kan i enkelte situasjonar vere vanskelege å få tak i. Norges Bank anbefaler difor at du har litt kontantar liggjande i ulike og gjerne mindre valørar. Kor stort beløp du treng, vil avhenge av kor mykje du allereie har av nødvendige varer, og kva du kan få behov for å kjøpe i ein beredskapssituasjon.     

Ha konto i fleire bankar   

Det å ha konto i fleire bankar styrkar eigenberedskapen din dersom det skulle oppstå tekniske problem hos éin av bankane.  

Vi tror dette er interessant for deg