Familie med full handlevagn og barn som bærer vatnbeholdar
Foto: Ivar Kvaal/DSB

Mat du bør ha i hus i tilfelle krise

I ei krise er det ikkje sikkert at du får handla mat i butikken slik du plar. Difor bør du ha nok mat til å fø alle i hushaldet i éi veke.


Råd om mat

  • Pass på at du har litt ekstra av den maten du et til vanleg. Ved å handle før du går tom, sikrar du at du alltid har eit lager i bakhand.    
  • Ha ekstra matvarer som kan lagrast i romtemperatur og har lang haldbarheit. Slike varer kan vere knekkebrød, havregryn, hermetiske linser og bønner, påleggshermetikk, energibarar, tørka frukt, sjokolade, honning, kjeks og nøtter.  
  • Døme på mat som har lang haldbarheit og krev varmebehandling, er pasta, ris, posesuppe, mjøl, middagshermetikk og frysetørka mat.     
  • Ta høgde for eventuelle matvarer som personar i hushaldet er avhengige av eller ikkje toler.  
  • Viss du har tenkt å lage mat på stormkjøken, gassbluss eller gassgrill, bør du sjekke med jamne mellomrom at utstyret fungerer og er i god stand.  

Tenk gjennom korleis du skal lage mat dersom straumen eller vatnet blir borte.   

Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss på eiga hand i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål. 

Tips ved straumbrot 

Ved straumbrot er det lurt å bruke først den maten som har kort haldbarheit, dvs. kjøle- og frysevarer.  

Hugs at maten i frysaren kan bli øydelagd dersom straumen blir vekke lenge. Her finn du tips til korleis du held frysaren kald lengst mogleg.

Vi tror dette er interessant for deg