Slik sløkkjer du frityrbrann

Ei gryte med kokande olje som brenn, er svært vanskeleg å sløkkje. Vatn, som ein vanlegvis bruker til å sløkkje brann, skal du absolutt ikkje bruke. Men kva skal du gjere?


Ha alltid eit lok i nærleiken

Forlat aldri ein kjele med varm smult eller ein frityrkokar som står på. Tek det fyr, har du berre eit par minutt på å sløkkje brannen. Derfor er det lurt alltid å ha eit lok i nærleiken når du skal frityrsteike mat.

Oppdagar du brannen med ein gong, kan du leggje på eit lok for å kvele flammane. Ver også merksam på at varm olje kan sjølvantenne etter sløkking.

Er brannen overtent, blir det vanskeleg og farleg å kome til med lok. Nokre minutt etter det byrjar brenne, kan også olja koke over, slik at brannen spreier seg utover inventar og golv.

Bruk spesialsløkkjar

Det finst eigne handsløkkjarar som er spesialutvikla for å sløkkje brannar i frityr. Testar har vist at desse effektivt sløkkjer og kjøler ned frityrbrannar, der andre vanlege sløkkjarar ikkje er eigna. Bruker du mykje frityr, kan det vere lurt å ha eit slikt spesialapparat tilgjengeleg på kjøkenet. Desse får du kjøpt på jernvarehandlar og byggjevarehus.

Ikkje bruk vatn

Vatn og frityr høyrer ikkje saman. Dersom du prøver å sløkkje brennande olje med vatn får du ein eksplosjonsarta brann. Bruk derfor aldri vatn til å sløkkje frityrbrann.

Brannsløkkingsapparat kan spreie brannen

Testar viser at vanlege handsløkkjeapparat med skum, pulver og CO2 har dårleg sløkkjeeffekt på brann i vegetabilske oljer. Dessutan kan trykket i slike sløkkjarar, spesielt pulversløkkjarar, vere så stort at den brennande olja blir spreidd utanfor kjelen. Dermed aukar brannen i omfang.

Vi tror dette er interessant for deg