Slik sjekkar du sløkkjeutstyret

Når kontrollerte du sist brannsløkkjeutstyret heime? Her er lista over kva, korleis og kor ofte du bør sjekke.


Krav til sløkkjemiddel

Alle bustader skal ha anten ein husbrannslange eller eit brannsløkkjeapparat som inneheld minst 6 kilo pulver eller skum. Desse brannsløkkjeapparata kallar vi også for handsløkkjarar.

Set deg inn i korleis sløkkjeutstyret fungerer, slik at du kan reagere raskt dersom det byrjar å brenne. Med jamleg vedlikehald sikrar du at sløkkjeustyret alltid er klart til bruk.

slokkeutstyr.png

Vedlikehald av husbrannslange

Ein husbrannslange kan du kontrollere sjølv, og det bør du gjere ein gong i året. Slik gjer du det: Rull ut heile slangen. Kontroller at krana fungerer. Sjekk at slangen ikkje er morken eller sprokken.

Vedlikehald av brannsløkkjeapparat

Både skum- og pulverapparat må ha eit visst trykk for å fungere. Pila på trykkmålaren på toppen av apparatet skal stå på det grøne feltet. Dette bør du sjekke ein gong i kvartalet. Samtidig kan du kontrollere at forseglinga eller plomberinga på toppen av apparatet ikkje er broten, og at apparatet ikkje har skadar eller rust.

Unngå klumpar i pulverapparatet

Pulveret i pulverapparat kan klumpe seg. Snu pulverapparatet opp-ned nokre gonger kvart kvartal for å unngå det.

Profesjonell kontroll

Apparat med pulver skal til kvalifiserte fagpersonar for kontroll kvart 5. år og på utvida kontroll og service kvart 10. år

Apparat med skum skal til kvalifiserte fagpersonar for kontroll og på utvida kontroll og service kvart 5. år.

Rådet for vedlikehald av brannsløkkjemateriell har laga ei liste over verksemder og fagpersonar som kan gjere ein kvalifisert kontroll av sløkkjeapparata dine.

Vi tror dette er interessant for deg