Vel optisk røykvarslar

Røykvarslarar reddar årleg minst 10–15 menneskeliv. Bustadbrannar startar ofte som ulmebrannar. Optiske røykvarslarar varslar slike brannar raskast.


Det finst to ulike typar røykvarslarar; optiske og ioniske. Desse oppdagar brannar på ulike måtar.

Optiske ”ser"

Bustadbrannar startar ofte som ulmebrannar i møblar og elektrisk utstyr. Ein ulmebrann utviklar seg sakte og med mindre flammar. Ein optisk røykvarslar "ser” dei litt større partiklane i den giftige røyken som dannar seg når ein ulmebrann utviklar seg. Med ein optisk røykvarslar er sjansen større for at du blir varsla tidleg ved ulmebrann.

Ioniske "føler"

Ein brann med høg temperatur og mykje flammar kallar vi gjerne ein ”høgenergibrann”. Røyken frå ein slik brann inneheld ioniske gasspartiklar, som ein ionisk røykvarslar reagerer på. I bustader er ikkje høgenergibrannar like vanlege som ulmebrannar.

Kople varslarane saman

Hugs at du kan kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar.

Sjå etter CE-merket

Det er forhandlarane som er ansvarlege for at røykvarslarane dei sel, er produserte i samsvar med regelverket. Det du må sjekke, er at varslaren er CE-merkt.

Vi tror dette er interessant for deg