Kva er elektromagnetisk kompatabilitet?

Elektrisk utstyr og apparat kan forstyrre kvarandre. Forstyrringane kan til dømes opplevast som skurr, støy eller blinking. Dette kallar vi EMC-problematikk.


Kva er EMC?

Heilt sidan radioens barndom har elektriske forstyrringar frå leidningsnettet og frå elektrisk utstyr vore eit problem. Forstyrringane kan forplante seg gjennom lufta som radiobølgjer eller gå via leidningar.

Elektromagnetisk kompatibilitet (EMC) handlar om evna elektrisk utstyr har til å brukast samtidig utan å bli forstyrra av kvarandre. EMC er derfor også ei kvalitetsskildring, på linje med driftstryggleik, yting eller andre krav som blir stilte til eit produkt. Kort forklart vil produkt med låg grad av EMC gje meir forstyrringar enn det vil for produkt med høg grad av EMC.

Kvar opplever vi EMC?

Fordi vi i aukande grad omgjev oss med utstyr som inneheld aktiv elektronikk, kan problemet med slike forstyrringar auke i omfang. Moderne aktive hus kan vere utsette for forstyrringar frå ulike kjelder, både i og utanfor huset. Typiske forstyrringar er DAB-radioar som ramlar ut når ein tenner LED-lys, eller lys som byrjar å blinke når den automatiske straummålaren sender avlesing.

Elektronikk i infrastruktur og større konstruksjonar kan også vere utsette. Til dømes har LED-lysanlegget på Rockheim i Trondheim forstyrra innflygingssystema til Værnes flyplass. Vi har også sett døme på at belysning i tunnel har forstyrra og blokkert naudnettet.

Kven jobbar med EMC?

Produsentar av elektriske apparat og utstyr arbeider mykje med EMC-problematikk og legg inn stadig betre vern mot slike forstyrringar i produkta sine. Dei som utformar og utfører installasjonar i bygningar og andre stader, må derfor også i større grad ta omsyn til EMC-problematikken, noko nemnde døme strekar under.

DSB er norsk styresmakt for EMC. Har du opplevd ei uønskt eller farleg hending knytt til EMC, vil vi gjerne høyre frå deg. Fyll ut og send oss di bekymringsmelding. Tilbakemeldinga di er viktig for oss i det førebyggjande arbeidet.

Fakta om EMC

  • EMC handlar om at forskjellig elektrisk utstyr kan fungere saman utan å påverke kvarandre negativt.
  • EMC er ei kvalitetsskildring, på linje med driftstryggleik, yting eller andre krav som blir stilte til eit produkt.
  • EMC har også eit aspekt av tryggleik ved at samfunnsviktige funksjonar som naudkommunikasjon, flynavigasjon og liknande kan forstyrrast eller blokkerast.

Vi tror dette er interessant for deg