Dette bør du vite om LED-lys

Lysdiodar (LED) er eit robust og populært alternativ til tradisjonelle lyskjelder som glødepærer, halogenpærer og sparepærer. Her er nokre viktige forskjellar mellom dei to lyskjeldene som du bør vere merksam på.


Bruk energien meir effektivt

LED-pærer er veldig effektive samanlikna med glødepærer. Ei glødepære gjev frå seg nesten like mykje varme som ho gjev lys. 95% av energien som blir tilført ei glødepære, blir til varme, medan berre 5 % blir til synleg lys.

Til samanlikning kan ei LED-pære gjere om rundt 80 % av energien til lys. Resultatet er ei lyskjelde som kan bruke 10 til 15 gonger mindre straum på å produsere same mengd lys. Ei typisk LED-pære på 7W kan derfor svare til ei tradisjonell glødepære på 60W i lysstyrke.

Kor lenge ein lysdiode varer, kjem an på kvalitet og type, men typisk levetid er omtrent 15 000 til 30 000 timar.

Vel riktig sokkel og spenning

Skal du erstatte tradisjonelle lyspærer med LED, er det viktig at du vel ei LED-pære med tilsvarande sokkel. Sørg også for at den nye pæra har same spenning som den gamle. 

Skal du byte ut halogen med LED i downlights, ver merksam på at downlights med LED-pærer normalt vil ha behov for ein spesiell LED-dimmar. For å installere dette eller byte ut gamal dimmar, må du ta kontakt med elektrikar.

Ver merksam ved downlights

Sidan LED-pærer er så effektive, slepper dei også ut veldig lite varme, noko som gjer dei mindre brannfarlege. Har du downlights med LED-pærer og erstattar desse med tradisjonelle lyspærer (halogen), kan du risikere at varmevernet i installasjonen ikkje tek høgd for varmen som utviklar seg ved bruk av ei vanleg pære. Byt derfor aldri ut LED med tradisjonelle pærer i installasjonar som er laga for LED. Ta eventuelt kontakt med elektrikar dersom du ønskjer å byte ut slike lyskjelder.

Unngå kaldt lys

Heime har vi vore vane med glødepærer som lyser varmt og gulaktig. Typisk for LED er at dei lyser skarpare kvitt. Dette passar til å lyse opp butikkar og andre stader der det er behov for å lyse godt opp, men er ikkje like triveleg heime. Ettersom LED-teknologien har vorte betre, kan ein velje mellom ulike fargetemperaturar, slik at ein til heimebruk kan velje LED som gjev eit meir behageleg lys.

For å få eit varmt lys bør du velje LED med fargetemperatur i området 2700 til 3000 gradar kelvin. Ein annan parameter er fargeattgjevinga – Ra-indeks. Denne er eit mål på kor godt lyskjelda kan gje att naturlege fargar.

Lyset frå sola og frå halogenpærer har ein Ra-indeks på 100. Dei beste kvite LED-lyskjeldene har ein Ra-indeks på over 90. Det vil seie at evna til å gje att synleg lys er god.

Pass på auga

Lyset frå ei LED-lyskjelde kan i nokre heilt spesielle tilfelle vere skadeleg for auget. Dette skarpe lyset blir normalt filtrert bort under produksjon, men ved produkt- eller produksjonsfeil kan det skje at LED-lyset blir for sterkt. Derfor er det ein god forholdsregel aldri å sjå direkte inn i ei LED-lyskjelde.

Ver merksam på elektromagnetisk støy

Det er greitt å vere merksam på at LED-lyskjelder kan sende ut elektromagnetisk støy som kan påverke DAB-radio, elektronisk portopnar, AMS-målar og andre elektriske produkt. Dersom du opplever slik støy, kan du prøve å byte ut LED-pæra, eventuelt ha større avstand mellom lyskjelde og elektrisk apparat der det er mogleg.

Sjå etter dette når du skal kjøpe LED-lys:

  • Rett type sokkel
  • Riktig spenning
  • Dimmeeigenskapar (LED kan trenge ny type dimmar)
  • Fargetemperatur: typisk for bustadføremål 2700–3000K
  • CE-merke

Dette er LED

Lysdiodar (LED) er elektroniske halvleiarar som sender ut lys når det går straum i gjennom. Lysdiodar blir etter kvart nytta til forskjellige belysningsføremål. Lysdiodar blir blant anna brukte i elektriske krinsar som statuslys og til å lage lyspærer. Då set ein saman mange lysdiodar i ei pære med ein sokkel slik at ein har ei LED-pære.

Vi tror dette er interessant for deg