Kva gjer du dersom du får straum?

Straumulukker kan gje store og i verste fall livstruande skadar. Desse teikna bør du sjå etter dersom nokon får straum eller støyt, og dette er skadane som må behandlast på sjukehus med ein gong.


Skadar etter straum

Ytre og indre forbrenningar, hjarte- og pusteproblem og nyresvikt er nokre døme på skadar du kan få som følgje av straum eller kraftig "støyt". Nokre skadar kan også oppstå ei stund etter ulukka. Slike seinskadar kan vere psykiske plager, nerveskade, eller muskel- og skjelettlidingar.

Straumgjennomgang

Når straum blir leidd gjennom kroppen til ein person, til dømes frå hand til hand eller hand til fot, kallar vi det straumgjennomgang eller elektrisk sjokk. Personar som får elektrisk sjokk, skal alltid raskt til sjukehus.

Melde straumskade

Alle som har vore utsette for ei straumulukke, må først og fremst ta kontakt med helsevesenet. Dette er viktig, både av medisinske, og trygde- og arbeidsrettslege årsaker.

Dersom ein person blir skadd i ei ulukke med straum, skal skaden meldast til DSB via dette elektroniske skjemaet. Informasjon om straumulukker som blir melde inn, blir brukt til statistikk og som grunnlag for informasjon frå DSB og haldningsskapande arbeid.

Straumulukker som skjer i arbeidstida eller på ein arbeidsplass, skal i tillegg meldast til arbeidstilsynet og politiet, avhengig av alvorsgraden.

Førebyggje straumskade

For å førebyggje straumskadar bør du sørgje for at det elektriske anlegget ditt er godt halde ved like. Overlat vedlikehald og utvidingar til kvalifiserte fagfolk som gjer jobben på lovleg vis.

Du må til sjukehus med ein gong dersom du

  • har vore utsett for høgspent,
  • har vore utsett for lynnedslag,
  • har vore utsett for straumgjennomgang
  • har vore medvitslaus eller omtåka rett etter ulukka,
  • har brannskadar, eller
  • har teikn på nerveskadar

 Teikn på nerveskade

  • lammingar
  • talevanskar
  • balanseproblem
  • nummenheit
  • redusert følsemd

På Statens arbeidsmiljøinstitutt sine nettsider kan du lese meir om straumskadar.

Vi tror dette er interessant for deg