Dette bør du vite om komfyrvakt

Komfyren er den største brannkjelda i heimen. Med ein komfyrvakt slår komfyren seg av når det oppstår farlege situasjonar.


Årsaker til komfyrbrann

I dei siste åra har om lag halvparten av brann- og redningsvesenets utrykkingar til bustader vore til brannar og branntillaup på komfyren. Tørrkoking er den vanlegaste årsaka.

Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og rammar eldre menneske, men det er brannar som startar om natta, som tek flest liv. Då er det gjerne yngre menneske som blir ramma. Rus og alkohol er ofte ei medverkande årsak til at dei gløymer eller sovnar frå komfyren.

Eit krav i nye anlegg

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Det vil seie at komfyrvakta skal vere installert som ein del av det faste elektriske anlegget. Kravet kom i 2010.  Dersom kjøkenet ditt er eldre enn dette, bør du ettermontere komfyrvakt.

Gasskomfyrar i dag har krav om flammevakt, som gjer at gassen stengjer om flammen sløkkjer. Det er ikkje krav til komfyrvakt på same måte som på elektriske komfyrar.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumavbrytar, som anten er plassert bak komfyren eller i sikringsskapet. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

Ulike typar og pris

Det finst to ulike typar komfyrvakt: dei som skal koplast til via leidning i stikkontakt, og dei som skal koplast til det faste elektriske anlegget. Desse fungerer likt og har same kvalitet.

Komfyrvakter kostar frå rundt 3500 kroner.

Krav til komfyrvakter

For å sikre kvaliteten på komfyrvakter er det laga ei felles, internasjonal norm som stiller ei rekkje krav til komfyrvaktene. Norma heiter NEK EN 50615. Sjekk merkinga på produktet eller spør i butikken om komfyrvakta du skal kjøpe, er testa etter krava i norma.

Montere sjølv

Komfyrvakter som skal pluggast i stikkontakten, kan du montere sjølv. Desse kjøper du enklast på nett, til dømes i forsikringsselskapa sine nettbutikkar.

Bruke elektrikar

Komfyrvakter for fast tilkopling må monterast av ein elektrikar. Ofte kjøper du også slike komfyrvakter av elektrikaren, i samband med monteringsjobben. Hugs å be om dokumentasjon på at produktet oppfyller krava i norma.

Vi tror dette er interessant for deg