Trygg lading av elbil

Stadig fleire elbileigarar installerer ladestasjon heime, men det er framleis mange som ladar frå vanleg stikkontakt. Slik førebyggjer du overbelastning og brann i det elektriske anlegget heime.


Sjekk kapasitet og tilstand før lading

Mange elbileigarar har installert ladestasjon til lading av elbilen heime. Om du ikkje har dette, men bruker vanleg stikkontakt, bør du få ein elektrikar til å sjekke om det elektriske anlegget ditt toler belastninga og at ladekontakten er i orden.

Unngå varmgang

DSB tilrår at kontakten du skal bruke til elbil-lading, er sikra med maks 10 ampere. Dette er for å redusere sannsynet for varmgang. Lading av elbil belastar nemleg kursen maksimalt over mange timar. I tillegg bør kursen berre nyttast til lading og ha installert eigen jordfeilbrytar. Dette er kravet dersom det blir planlagt ny kurs for lading av elbil.

Installere eigen kurs

Nokre bilar har dessutan så stor batterikapasitet at det krevst høgare ladestraum for å få lada batteriet over natta. Då kan det vere behov for å installere ein eigen 32A trefase kurs fram til ein spesiell ladekontakt. Har du ein slik bil, kan det hende du må søkje nettselskapet om å auke kapasiteten på abonnementet ditt og auke storleiken på inntakssikringa til huset.

Elbil i burettslag og sameige

For burettslag og sameige er det svært viktig å få vurdert kapasiteten på det elektriske anlegget før det blir montert uttak for lading av elbil. Her må du kontakte ein registrert elektroinstallatør som kan kartleggje kva som trengst av kapasitet og utstyr for stabil og trygg lading i fellesgarasjar.

Det finst også ulike typar utstyr for fordeling av ladeeffekt og tid i garasjar med mange ladeuttak. Dette er nødvendig dersom tilgjengeleg effekt er mindre enn behovet – då kan alle bilane ladast utan at sikringane går.

Det vil også vere mogleg å innføre betalingsløysingar. Ein elektroinstallatør kan gje gode råd om kva løysingar som kan vere føremålstenlege i det enkelte tilfellet.

Vel riktig ladeutstyr

Ladeutstyr for elbilar kan delast inn i tre kategoriar; hurtiglading, semi-hurtiglading og normallading. Heime er normallading ofte det mest praktiske og kostnadseffektive alternativet. Det finst tre ulike måtar å normallade elbilen på - mode 1, mode 2 og mode 3.

Lading med spesialkabel (mode 2)

Det mest brukte ladeutstyret består av ein spesialtilpassa kabel med ladeboks (mode 2), som følgjer med bilen. Ladeboksen avgrensar ladestraumen, slik at han ikkje trekkjer meir straum enn det bilen og det elektriske anlegget toler. I tillegg har boksen komponentar som overvakar tryggleiken og forhindrar elektrisk sjokk.

Det er normalt også mogleg å justere ned ladestraumen manuelt. Dermed kan du bruke Mode 2 ladeutstyr i vanleg stikkontakt, utan at det gjev for stor belastning og brannfare på elanlegget.

Det er viktig at du monterer ei korg eller liknande, som ladeboksen kan liggje i under lading. Lèt du boksen henge fritt, blir kontakten øydelagd og det oppstår varmgang og fare for brann. Dersom korga er plassert utandørs, sørg for at snø og vatn ikkje blir liggjande på ladeutstyret. Dette kan skade utstyret og auke brannfaren.

Elbil utan spesialkabel (mode 1)

Har du ein eldre elbil utan ein spesialtilpassa kabel med ladeboks, kan ladinga gje høg belastning på kursen. Undersøk om el-anlegget ditt er dimensjonert for belastninga ved slik lading. Normalt bør lading med vanleg kontakt avgrensast til maks 10A, men det er ofte ikkje mogleg å justere i bilen.

Sørg likevel for at kursen er beskytta med jordfeilbryter. Sjekk stikkontakten og ladeleidning før kvar bruk for å sjå om det er skadar eller teikn på varmgang. Slike teikn kan vere gul eller brun misfarging eller brend lukt i kontakten. Smelta plast i støpsel eller kontakt er også eit faresignal. Bruk aldri skadd utstyr.

På-vegg-ladar (Mode 3)

DSB tilrår på-vegg-ladar (Mode 3) med spesialtilpassa Type-2 kontakt for lading av elbilar. Utstyret består av ein eigen ladeboks som er fastmontert på veggen og ein kontakt som er bygd for å tole høg belastning over lengre tid. Heime i garasjen blir det vanlegvis brukt ein fastmontert kabel som ein pluggar i bilen.

På offentlege ladestasjonar må du sjølv ha med ein spesialkabel med plugg i begge endar. Kabelen er låst fast under lading. På ladarsida sit det ein Type 2 plugg, medan den andre er tilpassa kontakten i bilen. Det finst to forskjellige kontaktar til denne løysinga, avhengig av kva for kontakttype bilen din bruker.

Vi tror dette er interessant for deg