Slik sjekkar du sikringsskapet

Sikringsskapet skal forhindre brann, elektrisk sjokk og skade på elektrisk utstyr i huset ditt. Feil i sikringsskapet kan få alvorlege konsekvensar. Her er kontrollane du kan gjere sjølv og faresignala du bør halde eit ekstra auge med.


Test jordfeilbrytaren årleg

Mange sikringsskap har jordfeilbrytarar som skal beskytte deg mot elektrisk sjokk og brann ved feil. Ein jordfeilbrytar skrur av sikringa automatisk dersom det oppstår jordfeil i ein krins. 

I nye anlegg er jordfeilbrytaren ein del av automatsikringane (vippesikringane). I eldre anlegg kan jordfeilbrytar vere ettermontert, ofte for kursar til bad og utekontakt. Dette skal vere skildra i oversikta inne i sikringsskapet.

Test jordfeilbrytaren minst éin gong årleg, for å unngå at knappen set seg fast. Sjå i sikringsskapet etter instruksjonar om korleis dette skal gjerast.

Byt overspenningsvern etter ein smell

Nye sikringsskap har også overspenningsvern. Dette skal beskytte det elektriske anlegget mot skade ved torevêr. Ver merksam på at overspenningsvernet må skiftast dersom det har vorte utsett for ein smell. Sjekk rettleiinga i sikringsskapet som viser korleis du kan kontrollere om overspenningsvernet er i orden.

Sjå etter faresignal

For å unngå feil i sikringsskapet bør du sjå og kjenne etter faresignala med jamne mellomrom. Etter kraftig torevêr kan det også vere lurt å ta ein sjekk.

Varme er eit teikn på at det er fare på ferde. Er skapdøra til sikringsskapet unormalt varm å ta på, bør du ta kontakt med elektrikar som kan undersøkje nærare. Det same gjeld dersom det luktar brend plast eller du høyrer tydeleg knitring. Dersom fleire lyspærer blafrar samtidig eller sikringane ofte går, er det også noko ein elektrikar bør sjekke ut.

Ring elektrikar dersom

  • det luktar brend plast i sikringsskapet
  • du høyrer tydeleg knitring frå sikringsskapet
  • sikringane dine går ofte, det vil seie fleire gonger i året
  • du opplever at fleire lyspærer blafrar samtidig
  • døra til sikringsskapet er varm å ta på

Vi tror dette er interessant for deg