Ver obs på små, sterke magnetar

Dersom ein svelgjer to eller fleire små, sterke magnetar, kan ein bli alvorleg sjuk. Ein bør difor halde små, sterke magnetar unna barn, og informere ungdom om faren.


Alvorleg skade

Dersom det blir svelgt to eller fleire magnetar, kan desse tiltrekkje seg kvarandre. Dei sterke magnetane kan tiltrekkje seg kvarandre gjennom tarmveggar og anna vev. Dette kan skade tarmen eller kutte blodtilførselen til delar av tarmen.

Slike komplikasjonar er alvorlege. Kontakt lege med ein gong dersom det kan ha blitt svelgt magnetar. Same fare kan oppstå dersom éin magnet blir svelgd saman med anna magnetisk metall.

Små, sterke magnetar er ikkje leiker

Små, sterke magnetar er ikkje leiker, og bør haldast unna små barn. Mindre barn puttar ofte ting i munnen, og kan utilsikta kome til å svelgje noko. 

Piercing i ansiktet

Små magnetar kan bli brukte som falske piercingar i ansiktet. Dei små, runde magnetane blir plasserte over og under tunga, eller på innsida og utsida av kinn eller lepper. Dette skaper stor fare for å svelgje éin eller fleire magnetar. Det er difor viktig å gjere ungdom merksame på at det er farleg å svelgje magnetar. 

Skjulte magnetar

Det kan finnast magnetar på stader der ein kanskje ikkje hadde forventa det. Ver merksam på skjulte magnetar i emballasje, tekstilar og leiker.

Sjekk jamleg

Det finst magnetar i mange ulike produkt vi omgir oss med. Sjekk difor at produkta er heile, slik at du er trygg på at små magnetar ikkje er lause eller har losna frå produktet.  

Vi tror dette er interessant for deg