Sov trygt – vel sikre barnesenger

Vi kan ikkje hjelpe deg med å velje vogge eller korg, blå eller rosa, himling eller ikkje. Men vi hjelper deg gjerne med å velje sikre senger til babyar og barn.


Vogge eller korg

Det er ikkje sikkert vogga eller korga du sjølv låg i som barn oppfyller dagens tryggleikskrav. Sideveggene skal vere minst 27,5 centimeter høge. Frå madrassen og opp til kanten av sideveggen skal det vere minst 20 centimeter.

Når barnet klarer å sitje, krabbe eller trekkje seg opp sjølv kan det lett ramle ut og skade seg. Då er tida inne for å byte ut korga eller vogga med ei barneseng.

Barne- eller sprinkelseng

Barnesenger er meinte frå fødsel og til barnet er rundt 2,5 år. Det første du bør gjere når du skal kjøpe barneseng, er å sjekke om ho er solid. Dytt gjerne senga litt fram og tilbake for å få eit inntrykk av kor stabil ho vil vere med eit aktivt barn oppi.

Viktige avstandar

Sjekk deretter om senga oppfyller krava til trygge avstandar. Avstanden frå sengebotnen og opp sideveggene, og mellom sprinklane i sengebotnen, skal vere maksimalt 2,5 centimeter. Slik unngår barnet å setje fast føtene.

Avstanden mellom sprinklane i ei sprinkelseng skal ikkje vere meir enn 6 centimeter. Då risikerer barnet å setje fast hovudet og bli kvelt. Frå sengebotnen og opp til kanten på senga skal det vere minst 60 centimeter, slik at barnet ikkje greier å klatre over kanten.

Når bør du senke botnen?

Mange sprinkelsenger har ein botn som kan justerast i høgda. Når senga står i den øvste posisjonen, skal det vere minst 30 centimeter frå sengebotnen og opp til kanten. Denne posisjonen er berre meint for små babyar, slik at det er enkelt å løfte babyen inn og ut av senga.

Du bør byte til den lågaste og tryggaste posisjonen, med 60 centimeter mellom botn og topp, så snart barnet prøver å setje seg eller reise seg opp.

Frå barn til junior

Når barnet byrjar å vise teikn til å klatre ut av senga, bør du skifte til juniorseng. Du kan også fjerne ei av sidene på barnesenga, dersom senga er designa for dette.

Sikre sengetips

  • Senga skal vere stabil og stødig.
  • Senga skal ikkje ha lause delar som barnet kan putte i munnen.
  • Sengebotnen skal vere godt festa og ikkje flytte seg ved hopp eller rørsler.
  • Avstanden mellom sprinklane i sidene skal ikkje vere meir enn 6 centimeter, og i botnen ikkje meir enn 2,5 centimeter.
  • Avstand frå sengebotnen og opp til kanten skal minst vere 60 centimeter.
  • Dersom senga har hjul, skal minst to av desse kunne låsast.
  • Det må ikkje vere hjørne, kantar eller opningar der klede eller sutteklutar kan setje seg fast og skape kvelingsfare.
  • Følg bruksrettleiinga og monter senga riktig. Dersom du er usikker, spør der du kjøpte senga.

Vi tror dette er interessant for deg