Om du fyller bioetanol på ein peis eller lampe som brenn, kan det bli ein eksplosjonsarta brann. Du må difor vere heilt sikker på at flammen er sløkt før du fyller på bioetanol.
Dei siste åra er det registrert mange ulukker og nestenulukker med bioetanolpeisar. Dei fleste ulykker skjer på grunn av feil påfylling. Bioetanol brenn med ein svak, blå flamme som kan vere vanskeleg å oppdage.
Bioetanolpeisar, bordpeisar og liknande er i sal både i butikkar og på nett. Det er to prinsipielle skilnader på dei ulike produkta sjølv om det ikkje er ulike krav: Nokon monterast på vegg, andre på golv.
Du bør velje ein biopeis som er testa (sjekk i bruksrettleiinga). Om produktet manglar bruksrettleiing eller om rettleiinga ikkje finst på norsk, bør du ikkje kjøpe produktet.